Utlyser stilling som instruktør Telenor Xtra Volda, alternativ aktivitet

Av:

Publisert:

March 22, 2021

Instruktør/medansvarleg Telenor Xtra Volda (FFO) med fokus på alternativ aktivitet og friluftsliv

Volda TI Fotball har ledig ei midlertidig stilling som instruktør/medansvarleg på Telenor Xtra Volda (FFO) med fokus på alternativ aktivitet og friluftsliv. Vi søkjer ein positiv, serviceinnstilt og engasjert person for borna som deltek på den alternative aktiviteten på fotballfritidsordninga til Volda TI Fotball. Stillinga inneber planlegging og utføring av aktivitetar i hall/gymsal og utandørs i nærområdet til Volda stadion, frileik med born, samt god dialog med tilsette og føresette. Stillinga har eit tett samarbeid med ansvarleg for alternativ aktivitet og friluftsliv.

Arbeidstid er normalt sett frå 13.00/14.00-16.30 og antal arbeidsdagar i løpet av ei veke kan diskuterast med kandidaten ut frå tilgjengelegheit og behov. Ved rett kandidat kan det også vere aktuelt å tilby eit større ansvar rundt planlegging og organisering av campar (heildagstilbod med aktivitet i skuleferiar).

Kvalifikasjonar:

- Du må beherske norsk godt skriftleg og munnleg

- Du må ha sertifikat klasse B

- Sertifikat klasse D1 er ynskjeleg, men ikkje eit krav

- Du må kunne framvise politiattest utan merknad

- Praktisk erfaring innanfor idrett og friluftsliv er ynskjeleg

- Du må ha grunnleggjande datakunnskapar

Stillingsbrøk: Deltid etter avtale (30%-50%)  

Søknadsfrist: Snarast råd

Tilsetjingsperiode: 16.08.21 – 17.06.22, med moglegheit for forlenging.

Arbeidsstad: Volda TI Fotball, Klubbhuset, samt der aktiviteten vert utført.

Stadionvegen 7, 6100 Volda

CV og kortfatta søknad sendast via post eller mail:

- Post: Volda turn og Idrottslag fotball, PB 135, 6101 Volda

- Mail: runar@vti-fotball.no

Ved spørsmål ta kontakt med:

Runar Aahjem Løvold (dagleg leiar) 988 88 618, Arild Hagen Bakke (FFO-leiar) 483 05 083 og/eller Solveig Storeide (klubbutviklar) 905 65 727

Vennleg helsing

Runar Aahjem Løvold

Dagleg leiar