Treningsavgift for 2021 er utsend

Av:

Publisert:

April 29, 2021

Treningsavgifta frå VTI Fotball dekkjer kostnaden for å delta på treningar, seriekampar og eigne cupar gjennom året. Avgifta dekker også spelaren si forsikring, det kjem difor ikkje lisenskrav i tillegg. Årsmøtet vedtek kvart år kva treningsavgifta skal vere og den har vore uendra sidan 2018. For eldste born betalar ein full treningsavgift, for nest eldste er det 10% rabatt, for tredje born er det 30% rabatt medan det for fjerde/femte born er 50% rabatt.

Alle som deltek i klubben (spelarar og personar med verv), må også vere medlem av VTI Fotball og dette vert ein gjennom å betale medlemskontingenten. Kravet om medlemskontingent kjem frå NIF og den lovlege minstesatsen er 100,- per år. VTI Fotball krevjar inn medlemskontingenten på vegne av VTI Allianse.  

Utover dette har vi salsdugnad av Circle K kopp og rabattlotteri. Vi har fått innspel på at salsobjekta kan vere tungselde, så difor ser vi no på ei mogleg endring som forhåpentlegvis skal gjere det enklare for alle i klubben.  

Treningsavgifta er ei viktig inntektskjelde for klubben og det kjem kvart år inn i overkant av 800 000kr i treningsavgift. Laga som ikkje har betalte klubbtrenarar får refundert 250,- per spelar til lagskassa på slutten av året. Spelarar på alle lag må betale treningsavgift, frå 6år til senior/old boys, og klubben har ingen lønna spelarar. Klubben sin visjon er «ein breiddeklubb det skal vere råd å verte best i» og dette må vi alltid ha med oss ut frå dei vala vi tek, slik kart og terreng heng i hop.

Satsar treningsavgift 2021

Treningsavgifta vert nytta til å dekkje delar av dei løpande kostnadane klubben har. Dette vere seg, straum, internett, renovasjon, gebyr, datakostnadar, låsesystem, overvaking, deltakarkontingentar for lag i seriespel og enkeltspelarar på Satellitt-samling, forsikringar av bygg, anlegg og spelarar/tilsette, lønn til dei tilsette på klubb, drift av bil/minibuss, anleggskostnadar og vidareutvikling av anlegg m.m.

Vi jobbar kvar dag med å halde kostnadane så låge som mogleg, men dessverre er kostnadane likevel langt høgare enn det vi får inn i treningsavgift. Heldigvis har vi eit supert næringsliv som støttar oss, og som gjer at vi kan halde oppe det aktivitetsnivået vi har i klubben, utan og måtte auke treningsavgifta.

Vi tek gjerne i mot innspel til moglege endringar til modellen klubben har valt, og send gjerne mail til runar@vti-fotball.no ved spørsmål.