Trenarteamet for senior herre forlengjer sine kontraktar!

Av:

Publisert:

December 2, 2020

Lars-Petter Rønnestad, Vidar Egset og Kristian Lillebø vert alle med også komande sesong!

Klubben er særs nøgd med å få med seg Lars-Petter, Vidar og Kristian vidare. Oddvar Nautvik og Tore Sørheim i sportsleg utval senior herre har leia prosessen med å fornye trenarkontraktene og seier fylgjande:

«For oss som klubb var det viktig å få landa dette, sjølv om det har vore mange omsyn å ta med tanke på den uavklara situasjonen vi står i rundt Covid 19, som kan påverke oss på mange måtar. Vi har stor tru på at Lars-Petter og teamet kan oppretthalde framgangen og given/kulturen som er skapt siste åra, godt hjelpt av ei god spelargruppe, med lokal forankring, og godt miljø.  

Målet vårt er å etablere seg i Norsk-Tipping ligaen(3.div) og helst ta eit steg til etterkvart. Vi ser også veldig verdien det gir oss å få med Vidar vidare. Det er superviktig for både klubb og spelargruppe.»

F.v: Kristian Lillebø, Lars-Petter Rønnestad, Vidar Egset og Oddvar Nautvik

Alle tre har signert kontrakt ut 2021 sesongen og vi har teke ein prat med Lars Petter og Vidar om tida framover.

Kvifor ønska dykk å halde fram i VTI Fotball?

Lars Petter:

        Eg er særs nøgd med å signert ny kontrakt med VTI Fotball. Vi har ei svolta spelarargruppe som ynskjer å verte betre og vi har eit veldig godt miljø. Fleire spennande unggutar er på veg oppover i systemet, og vi merkar også at vi har vorte ein attraktiv klubb å spele for. Når i tillegg Vidar Egset, Kristian Lillebø, Runar Gjelsvik og Birger Breivik sa seg villige til å fortsette i teamet, så var eg aldri i tvil om at å bli verande i VTI. Vidar tek til på sin tredje sesong som assistenttrenar, og er perfekt å jobbe saman med gjennom sin kompetanse, autoritet og store VTI-hjarte. Kristian kom inn i år, og har gjort ein god jobb som keepertrenar for divisjonens beste keeperduo. Runar og Birger, våre lagleiarar, er kontinuitet og kvalitet mange kan misunne oss.

Vidar legg til:

-         Vi har starta med å bygge kultur, lag og klubb. Det er viktig at vi har litt kontinuitet her og føler vi har kome godt i gang med dette arbeidet. Eg har sagt meg viljug til å legge litt tid og ressursar inn i VTI-Fotball og det var då kanskje naturleg at dette vart rundt herrelaget. VTI-Fotball er ein positiv klubb og dei gjere eit svært samfunnsnyttig arbeid. Å ha eitt eller fleire fyrtårn i klubben vil vere positivt for klubb-bygginga. Mitt kortsiktige mål er at herrelaget skal vere eit slikt fyrtårn.

 

Kva vert viktig fram mot komande sesong?

-         Det er sjølvsagt viktig å behalde spelarstallen .Vi har hatt spelarsamtalar, og alle 22 ynskjer å fortsette. Vi fekk inn eit par viktige forsterkningar i Corona-året 2020. Keeper Alexander Hovdevik kom frå Byåsen og har toppfotball-erfaring frå Rosenborg, Kristiansund og Ranheim. Olaves Jentoft Fuglem kom frå Ørn Horten, og har over 70 kampar i 3. divisjon.

Vi har to-tre posisjonar vi ynskjer meir konkurranse i, og difor har vi hatt eit par spelarar på besøk på trening med oss i det siste. I tillegg kjem det eit par til etter nyttår.

Forhåpentlegvis kjem vi i gong med treningskampar ikkje så lenge etter nyttår, og vi kjem til å prøve å få til så mange kampar som mogleg mot gode motstandarar for å få øvd oss på nivået vi skal møte i serien.

Det viktigaste fram mot neste sesong er sjølvsagt treningskvardagen. Trenarteamet vil syte for gode og kompetente treningar, så då er det litt opp til spelarane å prøve å ta eit steg vidare i «trappa».

Vi har klare prinsipp på korleis vi skal framstå både offensivt og defensivt, og har sjølvsagt mål om å fortsette å utvikle oss og bli enda råare innanfor rammene våre. Vi skal trene endå litt meir enn før, som er ei utfordring på eit lag der alle er i jobb eller studerer, og alle er 100% amatørar. Men eg er heilt sikker vi saman skal sy saman eit godt opplegg på dette slik at vi står godt rusta når 2021-sesongen vert blåst i gang!

 

Kva er forventningane til 2021-sesongen?

-         Utanforståande kjem nok til å tippe Volda rett ned, og det er eit perfekt utgangspunkt for oss. Vi skal jobbe steinhardt for å overraske i neste års 3. divisjon, og vi er overbevist om at det skal vi få til. Målet er at vi skal utvikle laget vidare og på den måten etablere oss på dette nivået. I tillegg har vi lyst på ein god cup-run, og vi tek gjerne imot Lars Arne og hans Aafk på Volda stadion i 1. runde om vi kjem oss dit.

 

Vi ser fram i mot 2021 og kryssar fingrane for at det vert gjennomført ein normal sesong med mange spennande kampar og mykje god fotball på Volda stadion!