Ny utstyrsleverandør!

Av:

Runar Aa. Løvold

Publisert:

October 21, 2020

Macron vert vår utstyrsleverandør dei neste tre åra

VTI Fotball har signert ei 3-års avtale med Macron og utstyrsleverandøren vil levere ei totalpakke innan drakt, klede og utstyr til klubben. Etter gode samtalar og møter med vår kontaktperson i Macron - Orvar Methlie, så meiner vi at vi har gjort eit riktig og spennande val for dei neste åra.

Macron vert direkteleverandør til klubb og medlemmar, ved at medlemmane kan bestille varer gjennom VTI Fotball sin klubbshop som vert oppretta på www.macronstore.no. Hummel har hatt sin salskanal gjennom Intersport og sidan Macron sel varer direkte gjennom www.macronstore.no, så medfører dette dessverre at det langvarige samarbeidet med Intersport vert avslutta. Eit tungt val for oss som klubb då vi ynskjer å handle lokalt, men avstanden i tilboda mellom Hummel og Macron var for stor.


Det vil så snart som mulig bli lagt opp til ein prøvekveld for den nye kolleksjonen, slik drakt, klede og utstyr er på plass i god tid før sesongstart neste år. Vi gler oss til eit nytt og spennande samarbeid!