Rotevatn Trafikkskule vert Gullsponsor!

Av:

Publisert:

November 18, 2020

Rotevatn Trafikkskule har vore sponsor for Volda TI Fotball sidan 1982 og held fram i 3 nye år!

Vår lengst trufaste sponsor, Rotevatn Trafikkskule, har vore med oss sidan 1982 og har no skrive under på ei ny avtale som gjer at dei vert Gullsponsor til Volda TI Fotball frå 2021-2023. Rotevatn Trafikkskule vart skipa i 1976 av John Rotevatn, før Kjell Erik Rotevatn tok over som fagleg og dagleg leiar av det som har utvikla seg til å bli nordvestlandet sin største trafikkskule!

Kjell Erik seier fylgjande om den nye avtalen:

For Rotevatn Trafikkskule er det viktig å bidra til aktivitet blant barn og unge, gode oppvekstvikår og trygge rammer på og utanfor bana. Vi ser på Volda TI Fotball som ein viktig aktør i dette arbeidet og det er også ein stor grunn for at vi har vore sponsor i klubben sidan 1982. Vi ser fram til tre nye år der vi forhåpentlegvis får mange gode opplevingar saman. Klubben er i ei flott positiv utvikling og dette vil vi vere med på!

Vi i Volda TI Fotball er særs takksame for den nye avtalen med Rotevatn Trafikkskule og denne er med på å bidra til at vi kan halde oppe eit stabilt, trygt og høgt aktivitetsnivå i klubben.