Påmelding FFO 2021/2022

Av:

Publisert:

March 8, 2021

FFO påmeldinga er no opna, men det kan verte STORE endringar i FFO for komande skuleår, så det er viktig at alle les informasjonen.

Påmeldinga til FFO 2021/2022 er no opna og påmeldingsskjema finn du her:


Påmeldingsskjema FFO 2021/2022

For at det skal vere enklast mogleg å forstå endringane, må vi seie noko om «bakteppet».

Vi starta fotballfritidsordning i 2013, og har hatt stor suksess frå første dag. Antal born har vore stabilt høgt, opplegget svært bra, og vi har eit system som gir tilgang på solide skulerte personalressursar/trenarar. Ein har heile vegen strekt seg langt for å ha eit fleksibelt system, for å forenkle ein hektisk kvardag for born og føresette.

Vi såg fort at eit solid opplegg i kombinasjon med eit fleksibelt godt system gjorde at mange føresette valte å melde borna sine på FFO, sjølv om fotballinteressa var låg, noko som ikkje var det beste for bornet, og heller ikkje for gruppa. Vi valte difor å starte opp med alternativ aktivitet, FFO + AFO 😊

Dei siste åra har vi hatt om lag ei 60/40% deling på FFO og AFO.

Vi har vore mykje ute og brukt eit flott nærområde, men har også hatt ein god gjensidighetsavtale med Volda kommune. Kommunale aktørar nyttar vårt stadionområde, mot at vi disponerte tid i gymsalane. Så vart det rivingsvedtak på gymsalane….

Gjensidighetsavtalen vart vidareført til å gjelde timar kommuna disponerte i VCA, kontrakt vart signert, og vi gjekk ut med informasjon til dykk angåande neste år, då med AFO i VCA.

For å gjere ei lang historie kort: Vi kontakta VCA for å sjekke moglegheita for å leige til morgonFFO, og då kom det fram at det ikkje var kommuna sine timar vi har hatt. Vi har leigd av VCA sine timar, og dei gir oss ingen garanti for at leigeforholdet vert forlenga for skuleåret 21/22. Mest truleg ikkje. At vi ikkje har gymsal, samt at dei signaliserer at dei vil starte noko eige, gjer at vi diverre på noverande tidspunkt ikkje kan garantere for at det vert tilbod om alternativ aktivitet (AFO) frå hausten av.

Det fører til store endringar for oss, og dykk.

Vi ser på moglegheita for å starte opp to dagar med FRILUFTSordning, men her treng vi meir tid. Meir info kjem altså om det, så snart vi har eit knakande bra opplegg å tilby.

FOTBALLdelen av FFO skal sjølvsagt halde fram, og den skal vere minst like bra! Eit suverent trenarkorps har vi allereie på plass. Fleksibilitet, tilgjengelegheit og trygge rammer held fram. Opplegget vert utviklande og solid. Spissa for dei som vil ekstra, i kombinasjon med mykje leik og moro. Varmt måltid, leksetid og fruktmåltid vil sjølvsagt halde fram.

For å tilby eit så godt opplegg som mogleg, må vi setje eit føremålstenleg tak på antal born. Det inneber at fleire av dykk som no er under FFO-paraplyen ikkje vil få plass etter sommaren. Noko vi sjølvsagt er veldig veldig lei oss for, men vi rår ikkje over dette.

Vi håper at Multihallen vert realisert fort, slik at vi kan tilby alternativ aktivitet igjen der, saman med andre spennande aktørar.

Medlemmar i Volda fotball har førsteprioritet. Dei som spelar fotball i Mork IL prioriterast før dei som ikkje høyrer til eit lag.

Påmeldingsskjema vert lagt ut i dag. Først til mølla gjeld.  

Vi har lagt frist 05.april, slik at Arild har tid til ein god dialog med dykk føresette kring gruppesamansetning, val av dagar etc. Og at dei som ikkje får plass her, har tid til å melde seg på SFO.

Vi føler oss heilt trygge på at det vi no kan og skal tilby framover vert svært bra, og gler oss til det.

Engasjert fotballhelsing

Arild Hagen Bakke

FFO-leiar

Shilan

Runar

Solveig