OSE AS vert gullsponsor for VTI Fotball

Av:

Publisert:

January 22, 2021

Vi er svært glade og takknemlege for å ha inngått ei ny og forbetra avtale med OSE AS. OSE kom inn som klubbsponsor i VTI Fotball i desember 2019, men har no inngått ei avtale som gjer at dei vert gullsponsor for dei tre komande åra. Dette medfører blant anna at OSE sin logo vil bli å sjå alle drakter i klubben framover.

OSE AS seier fylgjande om avtala:

"Volda Turn- og Idrettslag gjer eit framifrå arbeid med aktivitet og idrettsglede for alle aldrar. Det støttar OSE opp om og vil gjerne takke for all den frivillige innsatsen som blir lagt ned for trivsel og framtid i bygdene våre.

I OSE er vi lokale eigarar og tilsette som ønskjer å syne at ved å nytte vår kompetanse, kjem både verdiskaping, løn og skatt tilbake og gir vidare utvikling i lokalsamfunnet.

OSE AS er rådgivarar med spisskompetanse på plan, byggesøknader, byggteknikk, taksering og styring av prosjekt. Med 21 høgt kvalifiserte tilsette tek vi store og små prosjekt, for både privatfolk og store næringsaktørar. Har du ein byggedraum, reguleringsidé eller treng ein takst? OSE hjelper deg i prosjektet ditt!"

Vi har fått gleda av å nytte OSE AS til arbeid med stadionprosjektet og ser fram til eit godt samarbeid dei komande åra! Vi takkar OSE AS for avtala!

F.v.: Solveig Storeide, Runar Aahjem Løvold, Jonas Reitan og Sunniva Lund Osdal