Ole Per og Bjørn held fram, Frode Kile kjem inn som keepetrenar!

Av:

Publisert:

January 15, 2021

Trenarteamet rundt damelaget er no klart, og vi har fått eit team vi er strålande fornøgde med! Som på herresida vert det kontinuitet i trenarteamet etter opprykket «førre sesong», noko som har vore ynskjeleg for alle partar. Knut Hagen som har vore keepertrenar ei årrekke takkar av og vi rettar ei stor takk til den strålande innsatsen Knut har lagt ned! Frode Kile tek over stafettpinnen og får ansvaret for oppfølging av keeperane. Frode har i 2020 hatt ansvaret for våre komande seniorkeeperar.

Vi har teke ein prat med Ole Per og Bjørn om kva dei tenkjer om tida framover:

Ole Per Kragset:

Kvifor ynskjer du å halde fram i Volda Fotball?

Vi har ei fantastisk fin spelargruppe. Ei fin blanding av unge og litt meir rutinerte spelarar, som er motiverte og ynskjer å trene for å bli betre. Klubben tek damefotballen på alvor og jobbar godt, og då er det motiverande å vere tenar i klubben.

Kva vert viktig fram mot komande sesong?

Det blir viktig å få jobbe godt med det kollektive, slik vi framstår som eit solid kollektiv. Så skal vi ha ein solid grunnmur av kondisjon og styrke.

Kva forventningar har du til komande sesong?

Vi håpar på at vi kjem i gong med sesongen. Vi har gått no i eit år og gleda oss til å spele 2. div igjen. Eg håpar at vi skal bite godt frå oss i divisjonen

Kva tenker du om teamet rundt damelaget?

Eg er godt fornøgd med teamet. Bjørn har vore med dei siste par åra inn mot damelaget og har mykje kompetanse og bidrar godt. Knut gav seg etter sist sesong etter mange år som keepertrenar, ein fantastisk flink og fin type. Eg var litt bekymra om vi fikk inn ny keepertrenar og evt. kva kvalitet/kompetanse vi kunne få til. Frode har komt inn med god kompetanse. Så eg har stor tru på at vi skal få eit kanonsamarbeid, der vi utfordrar og støtter kvarandre og får det beste ut av kvarandre.

 

Bjørn Heggen:

Kvifor ynskjer du å halde fram i Volda Fotball?

Volda Fotball er ein veldreven organisasjon det er kjekt å vere ein del av. Vi har ei fin spelargruppe med både unge spennande typer som kjem opp, og eldre spelarar med viktig rutine og ferdigheiter, som eit kvart lag treng. Sesongen 2020 vart svært spesiell for alle, men treningsviljen hjå spelarane våre var god heile vegen, og humøret i gruppa var bra, det gjer det lett å sjå fram til ein ny sesong som vi sterkt håpar vert ein normalsesong.

Kva vert viktig fram mot komande sesong?

Få trena godt fram mot sesongstart. Håpar at korona restriksjonane etter kvart kan lettast på slik at ein kan få spela ein del treningskampar før seriestart. Svært lenge sidan sist vi fekk spelt ein kamp så det er viktig for å få satt struktur på laget både offensivt og defensivt.

Kva forventingar har du for komande sesong?

Har forventningar om at vi skal halde plassen vår i 2 divisjon. Trur at det også i år vil vere nivåskilnad på topp og botn i 2 divisjon, greier vi å plassere oss omtrent midt på tabellen så vil det vere ein bra prestasjon.

Kva tenker du om teamet rundt damelaget?

Vi har ein erfaren hovudtrenar i Ole Per som er fagleg sterk, arbeidssom, engasjert og kjekk å samarbeide med. Knut Hagen har vore keepertrenar i mange år og han har gjort ein kjempeinnsats, han gav seg etter sist sesong. Det er svært viktig å ha ein eigen keepertrenar, og no har vi fått inn Frode Kile. Frode har vore i klubben og var sist år keepertrenar for jentelaget. Eg er sikker på at det vert ei god løysing, Frode er flink til å engasjere og er energisk i si trenarrolle, så keeperane våre har alle muligheiter til å utvikle seg vidare i keeperrolla.  

Volda Fotball er strålande fornøgde med å få på plass dette solide trenarteamet rundt damelaget og håpar damelaget og dei andre seniorlaga får gjennomført ein normal sesong, med mange spennande kampar!