Av:
Publisert:
February 9, 2021
Fotballcup skal vere kamp, aktivitet, moro, smoothie, besteforeldre på sidelinja, pølse i brød, smil, latter, premieutdeling, jubel, klemming, FairPlay-helsing, blodig alvor og leik.
Det skal IKKJE vere usikkerheit, frykt, tiltak, avstand, lite publikum, Covid..
Og det skal i alle fall ikkje vere etterfulgt av karantene, og enda meir usikkerheit og frykt.
Vi har, i samarbeid med vår solide og trufaste cupsponsor KIWI, kome fram til at å invitere til cup slik situasjonen er no, ikkje er noko vi ynskjer. Vi veit ikkje korleis det ser ut i samfunnet i mars, og kor langt ein er komne med vaksinering. Difor anser vi oddsa som store for at cupen ikkje kan arrangerast, og i beste fall svært amputert.
Saman med KIWI ynskjer vi alle ei så fin tid som mogleg framover, og håper at ingen i fotballfamilien vert råka.
Samstundes med ei slik avlysing ser vi også på moglegheit for å få til NOKO, få skapt idrettsglede innanfor restriksjonane, ikkje ligge heilt brakk. Vi kjem med meir informasjon om INTERNT opplegg i klubbane, aktivitet kan vi framleis få til, og det SKAL vi få til 😊
Engasjert fotballhelsing frå
Cupnemnda for Kiwi Hallcup 2021 (Ørsta og Volda)
og KIWI minipris