Endringar FFO 2021/2022! Korrigert påmeldingsskjema er no lagt ut!

Av:

Publisert:

March 15, 2021

Nye FFO endringar for skuleåret 2021/2022! Vi utvidar! Oppstart av morgon-FFO, medan tilbodet om alternativ aktivitet held fram!

Korrigert påmeldingsskjema finn du her:

Påmelding FFO 2021/2022

Tidlegare denne veka vart det opna for påmelding til FFO 2021/2022, men då med beskjed om at vi på dåverande tidspunkt ikkje kunne garantere for eit tilbod som inkluderte alternativ aktivitet. Etter iherdig jobbing dei siste dagane så har vi nå fått landa ei løysing som gjer at vi vil kunne halde fram med å tilby alternativ aktivitet. I tillegg utvidar vi FFO-tilbodet og startar også opp med morgon-FFO for Øyra skule måndag-fredag med opningstid frå kl 07.30 og fram til skulestart! For å kunne delta på morgon FFO må ein minimum gå ein dag med vanleg FFO/AFO, men ein kan då velje fritt antal dagar med morgon-FFO. Ein kan til dømes velje 3 dagar FFO/AFO og 4 dagar morgon-FFO.

Lokasjon for morgon-FFO og alternativ aktivitet vil vere Voldahallen, då vi har inngått ei gjensidighetsavtale med Høgskulen i Volda om nytte av fasilitetar.

Vi har allereie rekordpåmelding til FFO for komande skuleår og i skrivande stund har vi over 60 påmelde! 😊 Grunna endringane må vi ut med eit nytt påmeldingsskjema som ligg vedlagt dette innlegget. Vi må difor be føresette registrere påmeldingane sine på nytt i det nye påmeldingsskjemaet, med dei eventuelle endringane ein ynskjer å gjere. Om du ikkje ynskjer å gjere endringar må du sende ein mail til runar@vti-fotball.no, der du stadfestar at påmeldinga vert ståande som før.

Tidlegare har det vore krav om at ein må minimum velje 1 dag med fotball ila ei veke, men dette vil vi no gå vekk i frå. Dei som ynskjer at barnet skal gå på alternativ aktivitet kan difor velje rein AFO frå og med komande skuleår. Også her vil ein få innslag av fotballaktivitet, men då i alternative former som innandørs hjørnefotball og liknande.

Det vert framleis sett eit tak på 60 ungar per dag på fotballdelen av FFO.

Påmeldingsfrist er endra til 10.april, slik at Arild har tid til ein god dialog med dykk føresette kring gruppesamansetning, val av dagar etc.

Vi gler oss til eit nytt skule- og FFO-år, med nye og spennande moglegheiter!

Engasjert fotballhelsing

Arild Hagen Bakke

FFO-leiar

Shilan

Runar

Solveig