Bygg1 vert gullsponsor dei neste 4 åra!

Av:

Publisert:

December 17, 2020

Bidreg til utvida tribunetak på Volda stadion!

VTI Fotball og Bygg1 har inngått ei gullsponsoravtale for dei 4 komande åra, der Bygg1 blant anna vert sponsor for vår hovudtribune som skal oppgraderast. Bygg1 har tidlegare våre klubbsponsor i VTI Fotball med namnerettigheit til Bygg1-bana som er 7-ar bana på Volda stadion, og vi er særs takksame for at dei ynskjer å auke sitt bidrag til VTI Fotball.

Tribuna vil verte utvida til at vi vil ha ein kapasitet på ca 550 sitteplassar, noko vi ser er eit behov ved fleire anledningar. Samtidig vil dette føre til betre vindskjerming for tilskodarar, noko som til tider trengs på Volda stadion 😊 Planen er at tribunetaket skal stå klart til seriestart i 2021.

Bygg1 er kjende for leveranse av gode produkt, til rett tid og med god og smidig oppfølging. Dette har vi fått gleda av å nytte ved at vi som ein del av sponsoratet, har fått levert dører til det nye lagerbygget, samt garderobeanlegget som er totalrenovert.

For oss som klubb er dette ei viktig avtale som gjer at vi kan halde fram med å utvikle Volda stadion, og dermed tilby betre fasilitetar til alle brukarar av området. Med denne oppgraderinga så har det sidan 2014 blitt investert over 40 millionar kroner på anlegget på Volda stadion. Dette er i all hovudsak finansiert gjennom gode sponsorar, lån/eigenkapital og ein enorm dugnadsinnsats.

Eldsjeler, klubben og våre sponsorar har ei felles interesse av å gjere Volda til ein betre plass å bu og virke, og når vi dreg saman så gir dette resultat! Vi takkar Bygg1 for avtala og ser fram til dei 4 komande åra!

Illustrasjon Bygg1 tribuna