FFO Pilotprosjekt 4 klasse jenter

Mulig å velje 1 dag for jenter i 4 klasse

FFO har fått fleire henvendingar frå føresette til jenter i denne alderen, dei spør om moglegheit for å melde seg på ein dag i veka. Dei ynskjer å vere med, men har så mange andre fritidsaktivitetar at dei ikkje får kabalen til å gå opp. På klubb ser vi stadig at å legge kabal for treningstid er meir omfattande på jentelaga, i alle aldrar. Det er dans, speider, kor, drill, volleyball, riding, ski, svømming, turn, friidrett, handball osv. Vi har fram til no sagt nei til dette, fordi vi ser at kvaliteten på aktiviteten i FFO vert betre av å ha meir stabil gruppe. Noko som er utfordrande å få til om ein har veldig mange på berre èin dag. Men no vil vi prøve det, fordi dette er fotballinteresserte jenter som ynskjer å vere med, og som vi sjølvsagt ynskjer å ha her. Vi køyrer difor eit pilotprosjekt for J2012-kullet ved å tilby at dei kan velje ein dag FFO i veka i skuleåret 21/22.

Påmelding FFO

Meld på FFO