Volda Turn og Idrottsforening - Allianse

VTI Allianseidrettslag- org. 942 789 149

Volda Turn og Idrettslag (VTI) vart etablert i 1899. I 1998 vart VTI omdanna til VTI Allianseidrettslag med tilknyting til særidrettslaga VTI Fotball og VTI Allidrett (Symjing, Nordisk/Skiskyting, Alpint, Turn, Disk Golf). Bakgrunnen for omdanninga var i hovudsak for å endre organisasjonsmodellen, slik at Fotball og Allidrett vart sjølvstendige juridiske einingar og då stå til ansvar for all drift av laget sjølv. Idrettslaga i Alliansen har lik namneprofil og same logo og samanfallande medlemskap. VTI Allianseidrettslag vil i praksis fungere som ein paraplyorganisasjon der VTI Fotball og VTI Allidrett står som eigne juridiske einingar inn under.

Det er eit krav at alle aktive i VTI Fotball og VTI Allidrett er medlemar i VTI Allianse. Medlemskontingenten vert bestemt på årsmøtet.

VTI Alliansen står som eigar av fleire av VTI sine anlegg. I tillegg har Allianse ansvar for administrasjon og betaling av VTI Fotball og VTI Allidrett sine forsikringar.

Styret i VTI Allianse vert valt av medlemane i VTI Allianseidrettslag på årsmøtet kvart år. Styret er representert med medlemer frå VTI Fotball og VTI Allidrett i tillegg til ordinært valde medlemar frå Alliansen.


Meir om allianseidrettslaget:

VOLDA TURN-OG IDROTTSLAG ALLIANSEIDRETTSLAG (Org. nr. 942 789 149),

VOLDA TURN OG IDROTTSLAG FOTBALL (Org. nr. 981 951 921)

VOLDA TURN OG IDRETTSLAG - ALLIDRETT (Org. nr. 993 944 114)

Undergrupper under allidrett

VTI Nordisk

VTI Alpint

VTI Skiskyting

VTI Symjing

VTI Diskgolf

VTI Gymnastikk og Turn

Av andre store idrettslag i Volda så er Volda Handball og KFUM Volda (volleyball) sjølvstendige organisasjonar utanfor VTI Allianse.


PRISAR:

Vaksen kr 200,- pr. år

Born kr 100,- pr. år

Støttemedlemskap, valfri sum, men minst kr 100 ,- pr. år


KVA GJER EG OM EG VIL VERTE STØTTEMEDLEM?

Send ein mail til VTI-Allianse@vti-fotball.no