Treningsavgift
For å spele fotball i VTI-fotball må du både vere medlem i VTI Allianseidrettslag og betale treningsavgift til Volda TI Fotball. Forsikring for kvar einskild spelar vert dekka av klubben.
Alle nye spelarar får ei prøvetid på ca ein månad slik at dei kan finne ut om dei trivst i klubben.
Krav om treningsavgift vert sendt til kvar einskild spelar ut frå spelarlister frå gruppene. Nye spelarar som kjem til etter sesongstart må få ein lagleiar til å registrere seg i klubbens datasystem og vil då seinare få tilsendt krav om treningsavgift.
Treningsavgifta er ei viktig inntektskjelde for VTI Fotball, men dekkjer berre ein del av kostnadene ved å vere aktiv i VTI Fotball. I tillegg må spelarar/foreldre også stille opp på fellesdugnader eit par gonger i året, selje lodd og Circle-K kopp og bidra på 1 kioskveke i året. Spelarar som har vore aktive på haustsesongen (etter 01.08) må også selje lodd og Circle-K kopp, sjølv om dei slutta før sesongslutt.
Prisar
Treningsavgift, vedteke på årsmøtet i februar 2018 (uendra)
Innkreving
Treningsavgift blir kravd inn gjennom faktura som blir sendt som e-post. Vi har tilbod om avtalegiro og efaktura.
Ein får ikkje spele kampar dersom ikkje avgifta er betalt.
Når kjem krav om treningsavgift
Krav om treningsavgift vert sendt ut i mars på e-post til alle registrerte spelarar. Betalingsfristen vert 14 dagar etter fakturadato. Senior A-lag blir fakturert i to omgangar, dei får faktura i mars og i september
Treningsavgifter som ikkje er betalt innan 20.10 gjer at laget ikkje får tilbakeført kr 250,- for dei det gjeld.
Søskenrabatt
For eldste barn betalar ein full treningsavgift.
For neste eldste barn vert det trekt ifrå 10 % i søskenrabatt.
For tredje barn vert det trekt ifrå 30 % i søskenrabatt
For fjerde, femte born vert det trekt ifrå 50 % i søskenrabatt.
Spelarar over 18 år skal ikkje reknast med i søskenrabatten.
FFO-prisar
For born som går både på FFO og lagstreningar, så er det redusert pris på treningsavgift. Det vert ikkje berekna syskjenrabatt av FFO-pris. Om eit born har lågare pris enn FFO-pris i utgangspunktet, nyttar vi det lågaste prisen.
7 år 1200,-
8 år 1300,-
9 år 1400,-
Betaling
Dersom nokon ynskjer ein avtale om nedbetaling, epost til økonomiansvarleg.
Seniorspelarar og spelarar 19 år og yngre som hospiterer på seniorlag må sjølv betale ekstra forsikring utover lagforsikringa om ein ynskjer det (tidl lisens). Meir informasjon om dette finn ein på NFF sine sider.
Slik ser årshjulet ut for ein Voldaspelar
- April: KIWIcup
- September: EAT MOVE SLEEP cup
- November/desember: Circle-K kopp og rabattlotteri
- Seniorlaga skal i tillegg bidra på konsert i september og Årsfest/Jubileumsfest ved sesongslutt.
- Elles må ein bidra til drift av sitt lag.
Kva går treningsavgifta til?
- Lagforsikring ligg inne i kontigenten, og VTI Fotball betaler samla forsikring for alle spelarane.
- Tilbod om heilårsfotball med tildelt bane i SpareBank1 Hallen utan leigeutgifter gjennom vinteren
- Løn til ansatte
- Speledrakter
- Gratis trenarkurs til alle trenarane og diverse andre relevante kurs
- Støtteapparat
- Gratis deltaking på eigne cupar (Kiwicup og EAT MOVE SLEEP cup)
- Moglegheit for å leige minibuss privat, og låne den gratis til fotballaget
- Tilbod vedr. jenteakademikonsept med skolerte trenarar
- Tilbod om ekstratrening
- Drift av klubbhus, baner og SpareBank1 Hallen(straum, toalett, reingjering, vedlikehald)
- Bruk av baner og SpareBank1 Hallen, også utanom treningstider utan leige
- Låne baner og hallen utan leigeutgifter ved eigne lagarrangement der all inntekt går til eige lag (venneturneringar, miniturneringar)
- Låne kjøkken og toalett utan kostnad ved fotballarrangement
- Bruke klubbhuset til møter og sosiale treff gratis ved fotballarrangement
- Nødvendige reperasjonar for å halde anlegget i drift
- Investeringar for å forbetre anlegget for at flest mogleg får nytte seg av fotballfasilitetane i Volda
Seniorlaga får utstyrspakke, noko rabattert, noko gratis. Dette leverast inn att om ein sluttar, eller ein kan velje å betale om ein ynskjer å behalde det. Det same gjeld i dei tilfella vi køyrer stunt som gjer at andre får gratispakkar.