Stadionanlegget

På Volda Stadion er det tre felt for fotball og eit klubbhus med garderober. Volda Stadion er truleg det største kunstgrasanlegget på Sunnmøre med eit samla flatemål på ca 20.000 kvadratmeter.

​​​Idrettsanlegget er eigd av idretten sjølv i fellesskap mellom Volda TI Fotball og overbygningsklubben Volda TI Allianse.

Volda kommune har bidrege til utvikling av anlegget gjennom grunnkjøp, disponering av kommunal grunn og tilskot til utvidingar av anlegget, men yter ikkje driftstilskot til Volda Stadion. Lån, drift og vedlikehald av anlegget blir dermed betalt av medlemmene i VTI Fotball blant anna gjennom treningsavgift og overskot frå turneringar, fotballskule og andre aktivitetar.

                                                      Kartskisse Volda stadion. GPS tips: Søk etter Stadionvegen 7, Volda kommune

Historikk

Volda stadion ligg idyllisk til framme ved Rotevatnet. Her disponerer fotballgruppa tre fotballareal til trening og kamp.

Grasbana var ferdig i 1956, og var einaste grasbane med naturgras for 11-fotball i Volda kommune! Ho var grøn å sjå til, men var diverre humpete og med mange sår, med tett bruk i ca 50 år. Heilt frå bana vart bygd var det problem med drenering, og i periodar var bana også stengd på grunn av fleinsopp.

Grasbana var omkransa av løpebaner i grus for friidrett, men det gjekk tilbake med friidretten i Volda etter at det vart bygd kunstdekke for friidrett i Ørsta.

Klubbhuset 1986

Den eldste delen av klubbhuset vart oppført i 1987-88 og vart teke i bruk 7. mai 1988 då Volda møtte Hødd i seriekamp. Dagen vart perfekt ved at Volda slo Hødd 4-0.

I den eldste delen av klubbhuset er det eit kjøken med stort kjølerom (nytt 2010), hovudsal, eit møterom og eit lite klubblager. Klubbhuset vert også utleigd til konfirmasjonar, selskap og andre lystelege lag. Hovudetasjen vart pussa opp og fekk nytt golvbelegg i 2012. I underetasjen er der fire spelar-garderober, to dommargarderober og ei badstove, i tillegg til toalett, eit par lagerrom og eit vaskerom.

Våren 2016 stod den nye delen av klubhuset klar (Mesterhuset). Ei utviding var naudsynt etter enorm aktivitetsvekst i klubben frå 2012. FFO-en i VTI-Fotball hadde på denne tid rundt 200 born, noko som gjorde behovet for garderober, nytt kjøkken, lager, toalett og fleire kontor heilt prekært.

Tribuner 1986/1987

Frå 1988 og det meste av 1990-åra spelte Volda sitt herrelag stort sett på nivå 3 i Noreg (2. og 3. divisjon) og det var stor interesse for fotball. Publikumsrekorden kom i seriekamp mot Ørsta i 1988 då det truleg var nærare 5.000 tilskodarar på kampen. I desse åra vart det også bygd tribune i betong i full lengde av bana.

Til 1. rundekampen mot Aalesund FK i 2010 då det vart løyst ca 1.700 billettar. Overskotet frå denne kampen var med på å finansiere tribunetak i stål og plaststolar som vart sett opp på Stadion august 2010.

Første kunstgrasbana på Volda stadion på plass i 2001

Ei grusbane vart laga på slutten av 1970-talet og var einaste aktuelle treningsstad utandørs i vinterhalvåret, ho skulle også fylle behova når grasbana var stengt i våte perioder. Etter fleire års tett bruk og vinterbrøyting var det nesten ikkje toppdekke att. Noko måtte gjerast! Løysinga vart at ein i 2001 la kunstgras på grusbana, og sat at med ei fantastisk flott og driftssikker bane, med ekstrem høg brukskapasitet.

Ettar 16 års bruk fekk ein i 2017 skifta ut banedekket på kunstgrasbana. Stor slitasje hadde gjort at bana knapt kunne nyttast til trening og kampar, noko som gjorde at banekapasiteten til klubben var sprengd. Med nytt dekke vart dette ein ny kvardag for heile klubben. Upåklagelege speleforhold for store og små!

Grusbane 2001

Treningsfeltet som var laga av Yngres avdeling på dugnad på slutten av 80-talet, vart under prosessen med kunstgrasbana lagt om til ei grusbane med minimumsmål for 11-fotball. I dag vert grusbana nytta som parkeringsplass ved større arrangement.

Kunstgras på naturgrasbana 2007

Utover på 2000-talet var det på høg tid med renovering av den gamle naturgrasbana, og ting gjekk som ein ønskte seg. I 2007 vart det lagt kunstgras på heile flata for det tidlegare friidrettsanlegget og grasbana. Dermed vart det plass til både ei 11-arbane (SpareBank 1 Bana) og ei 7-ar-bane (Bygg 1 Bana).

Oppføring av hall 2014

Våren 2014 vart hallen med spelflate på 60mx40x på Volda stadion opna, ein hall som løfta klubben til eit nytt nivå på alle plan. Fotball kunne no gjennomførast som heilårsidrett og den isolerte hallen med moglegheit for oppvarming gjorde også at FFO vart ein braksuksess i Volda Fotball. Utover at ein etter dette kunne drive sportsleg aktivitet året rundt med gode forhold, hadde ein også moglegheit til å arrangere andre inntektsbringande tiltak.

Asfaltering 2018

Med støtte frå SpareBank1 Søre Sunnmøre og Volda kommune fekk vi sommarne 2018 lagt asfalt på vegar og parkeringsplassar på Volda stadion, om lag 5200 kvm.

"Prosjekt Volda stadion 2019-2021"

Hovudbana vart flittig brukt og behovet for utskifting trengde seg etter kvart på og hausten 2019 starta ein på eit omfattande prosjekt på Volda stadion som det vart jobba med fram til sommaren 2021.
Ein gjorde fylgjande i denne perioden:
- skifta kunstgraset på hovudbana og la pad (demping) under denne
- installerte vatningsanlegg med vanntilkomst frå Rotevatnet
- reiv det gamle klubbhuset ved elva, bygd nytt lagerbygg/speakerbod på 200kvm med ny kloakk/avløp og stelte til området ved elva.
- totalrenoverte garderobeanlegget og inngangspartiet i kjellaren av klubbhuset og la ny kloakk/avløp frå klubbhuset og bort til hallen.
- skifta dreneringa rundt gamledelen av klubbhuset
- installerte ny hovedstraumstavle på gamledelen av klubbhuset
- skifta gjerdenetting på gjerdet på hovudbana og bygde doble reklameveggar
- installerte granulatfangarar/rister ved inngangar til bana
- forlenga tribunetak til det dobbelte av det som var der før
- etablerte ny kiosk på hjørnet av klubbhuset