Sparebank1 Cup

Venneturnering i Sparebank1 Hallen i januar

Voldacupen har vorte arrangert i januar i mange år. Dette er ei venneturnering der kompis- og venninnegjengar, studentar, jobbtrimmarar og andre grende- og bygdetrimmarar er hjarteleg velkomne til å delta.

Turneringa har ungdom, oldboys, herre- og dameklasse.

Kampane vert spelte med fire utespelarar + keeper på bana.

Berre spelarar som har betalt avgift og som blir ført opp på deltakarlista for eit lag, kan spele.

SpareBank1 Cup er eit rusfritt arrangement. Rusa folk vert vist bort frå hallen, lag som stiller med rusa spelarar på bana vert diskvalifisert, og all rushaldig drikk vert kverrsett.