Satelitt / Team Søre / Kretslag

Det året spelarane fyller 13 går dei over ifrå barnefotball til ungdomsfotball. Fram til no har det vore rimelig like retningslinjer frå år til år, men no kjem div endringar. Les meir om det i Voldamodellen og NFFs retningslinjer.

Her kjem også nokre ekstratiltak inn i bildet. Tiltak som ikkje er for ALLE. Det er forbeholdt dei som vil mest, du kan lese meir om det her.

Det er veldig viktig at slikt håndteres på ein måte som gjer at dei som ikkje deltek vert godt ivaretatt, og ein må også ha fokus på dei som deltek. Dei som deltek er ofte vant til å ha kome lengst i utvikling i sitt lag, og vert ofte definert som "best", no kjem dei med stor sannsynlegheit til å oppleve fleire som både er like god, og som har kome enda lengre. Dei kan også oppleve å ikkje verte tatt ut til div kamptropper og liknande.

HUGS at satelitt er eit ekstra utviklingstiltak, det er ikkje VIKTIG, det må ikkje få drepe ambisjonar og håp. Det er komplekst, og mykje som spelar inn for vegen i slike tiltak. Det handler om samansetning av lag, spelestil, etc.

Det er flott om klubbtrenarane klarer å bruke satelittdeltaking til noko positivt i gruppa, få dei til å forstå at det er ei forventning om at dei er gode førebilete i laget sitt. At dei tek med seg engasjement, iver og positive haldningar "tilbake", at dei støttar og oppmuntrar sine eigne lagspelarar.

Også må det vere råd i Volda Fotball å ynskje å verte GOD i fotball.
Å applaudere eit uttak, å gi litt kred til dei som kjem seg vidare = bra! Få det til å vere ein positiv sak for heile laget.

Vi ynskjer at trenarane skal ha fokus på det allereie frå våren av, koble inn trenarveileder Finn Harry Sjøholt, og få ein god forutsigbar prosess for alle.

Vidare løp når det gjeld Team Søre, Kretslag, Skyggelag, Landslag, er det eksterne trenarar som styrer.
I den samanheng sjølvsagt heilt lov å koble inn Sportsleg Utval i Volda dersom ein treng noko råd/tips når det gjeld treningskvardag etc.

Økonomi:

Når spelarar deltek på kretstiltak (Satelitt, Team Søre og Kretslag), så får klubben ein faktura på deltakarkontingent frå Sunnmøre Fotballkrets. Her dekkjer klubben noko av utgiftene for Satelitt, medan Team Søre, talentleir og kretslag må dekkjast av spelaren sjølv.

Satelitt:

Deltakarkontingent for Satelitt er for 2020, 1500,- per spelar. Klubben dekkjer deltakarkontingent for inntil 10 spelarar totalt (5 jenter og 5 gutar). Ved fleire deltakarar enn dette, så fordelar ein kontingenten som ikkje vert dekt av klubben på som deltek.

Team Søre og talentleir:

​Deltakarkontingent for Team Søre og talentleir må dekkjast av kvar einskild spelar.

​Kretslag:

​​Deltakarkontingent for kretslag må dekkjast av kvar einskild spelar.