Om Telenor Xtra FFO

Kva er FFO?

FFO er ei privat fritidsordning for born i alderen 6-14 år.

Vi dekkjer skulane: Bratteberg, Mork, Øyra, Folkestad (forutsetter henting ved Volda ferjekai) og Volda ungdomsskule.

Telenor Xtra Volda FFO følger skuleruta til Volda Kommune.

I feriane og om skulane har planleggingsdagar/inneklemte dagar så held vi opent, under namnet Camp. Eit heildags opent tilbod frå 08:00-16:30. (Finn meir informasjon lenger nede).

Telenor Xtra Volda FFO starta opp alt i August 2013. Det var ein lang prosess med mykje kartlegging av andre FFO-ar for å kvalitetssikre at TXVFFO blei så bra som den kunne bli. Ved oppstart var det 75 born og det var 4 ansatte i VTI-Fotball inn mot FFO. Sidan oppstarten har pilene gått i positiv retning og vi tel per i dag (mars 2023) 170 barn og 13 ansatte.

Aktivitetar

Vi er ei FOTBALLfritidsordning, så det ligg i ordet at hovedfokuset er fotball.

Vi held til på Volda stadion og nyttar oss av det flotte aktivitetsområdet med 3 utandørs kunstgrasbaner, 1 innandørs fotballhall og eit klubbhus perfekt for borna på FFO.

I tillegg til fotball har vi eit stort fokus på allsidighet.

Vi ynskjer at borna skal oppleve eit mangfald av aktivitetar og oppleve mest mogleg både ute i den frie naturen på og rundt stadionområdet, eller andre stadar i sentrumsområdet av Volda kommune.

I påmeldingsskjema kryssar ein av for kva type aktivitet ein ynskjer på FFO og kva dager.

Ein dag på FFO/FFO+

Eksempel på tider:

13:00-13:15: Henting av born på skulene, registrering og transport.
13:20: Ankomst Volda stadion.
13:20-13:45: Mat 1-2 klasse. - Fri aktivitet for 3-10 klasse.
13:45-14:30: Mat 3-10 klasse. - Fri aktivitet for 1-2 klasse.
14:30-16:00: Organisert aktivitet.
16:00-16:30(16:45): Fruktmåltid, hentetid og leksetid/leksehjelp.
16:30(16:45): FFO slutt.

Henting på skulane

Alle borna som deltek på FFO skal bli møtt av ein av våre ansatte på skulane ved skuledagen sin slutt.

Vi ser til at borna får med seg nødvendig utstyr, og har dialog med skulen og lærarane om det er noko vi bør vite om (konflikter, sykdom etc.).

Målet er at det skal vere ein mjuk overgong fra skule til FFO. Barna vert observert og tatt hand om av dyktige instruktørar på skuleplassen før dei blir transportert fra skulen til Volda stadion.

Vi har eit stort fokus på sikkerheit og tryggleik i hentetida og i trafikken på veg til stadion. Vi har nye minibussar og samarbeid med VY dei dagane det er monge born som skal hentast til stadion.

Mat

Telenor Xtra Volda FFO har som mål å servere både varm- og kald-mat med høgt næringsinnhald.

Vi serverer varm mat 3-5 dagar per veke. Menyen varierar, men er tilpasset ynskje og allergier for alle born.

Til dømes kan de bli servert kjøttdeig og spagetti, pølsesuppe, havregrynsgrøt og tomatsuppe.

Måltida rullerar frå veke til veke, slik alle får smake dei ulike rettane. For dei som ikkje likar desse måltida vil dei få servert et sunt og godt brødmåltid, eller havregryn.

På slutten av dagen vert det laga til eit stort fruktfat der borna kan gå og forsyne seg frå, før dei reiser heim.
Fruktmåltid opplev vi som særs positivt fra borna og for enkelte kan dei ikkje forlate stadion uten sin daglege frukt-dose.

Utstyr

Alle borna som går på FFO får bestille seg utstyr fra Telenor Xtra.

Dei får ein bag, draktsett og ein treningsdress (sjå bilete under). Egenandel (porto)er på 100,- for mykje godt utstyr.

Bestill FFO klede

Prisar og betingelsar

Born frå 6 år til dei fyller 12 år kjem under ordninga "Pass og stell av barn" som gjev skattefrådrag.

Oppsigelsestid er 1 mnd. frå den fyrste i kvar mnd.

Forfall skal meldast anten på mail (ffo@vti-fotball.no) eller SMS på mobil nummer: 480 01 104.

Minimum 1 dag med fotball per veke for alle.
1. klasse kan velge mellom 1-5 dagar.
2.-4. klasse kan velge mellom 2-5 dagar.
Kan velge mellom 1-5 dagar (onsdag og fredag som primærdagar) FFO+

PrisarVedtekter

Meld deg inn i Volda TI Fotball eller start på FFO