Leige av klubbhuset

Klubbhuset er primært til bruk for grupper i VTI Fotball, men andre kan også få leige klubbhuset når det er ledig. Sjå i Klubbhusdagboka for oversyn over ledige tider.

Innbetaling til 3991.12.96784 - Merk med utleige, dato for utleige og etternamn.  

Eksempel: «Utleige, 15.06.23, Nordmann». Etter innbetaling: send ein e-post til ida@vti-fotball.no, så får du dørkode og naudsynt informasjon.

Vi har kiosk og kampar omlag kvar einaste dag i sesong. Det går parallelt med utleige, så en må vere forberedt på dette.

VILKÅR

Alle leigetakar må reservere tid i klubbhusdagboka for at tinginga skal vere gyldig.

Eksterne leigetakarar må betale husleiga når tinginga er bekrefta for at tinginga skal vere gyldig.

Eksterne leigetakarar som skal ha arrangement med alkoholservering, må betale eit depositum på 3 500,- kr, det får ein attende lokalet vert godkjent.

Leigetakar må varsle om eventuelle skader som vert påført huset eller inventaret og vere budd på å erstatte/reparere skadane.

Heile Volda stadion, inkludert klubbhuset, er røykfri arena.

Arrangement i regi av VTI Fotball på klubbhuset skal vere alkoholfrie. Det er ikkje alkoholforbod for andre leigetakarar, men dei står sjølve ansvarlege for at eventuell bruk av alkohol er innanfor lover og reglar.

VTI Fotball står fritt til å nekte å leige ut klubbhuset. Leigetakarar må vere over 20 år.

ALKOHOL skal ikkje førekome utandørs før kl. 21.00 på fredagar, eller før kl. 20.00 laurdag.

PRISAR

Lagsaktivitet (foreldremøte, avslutning m.m.) i VTI Fotball er gratis, og her må en vere først til mølla. Send e-post til ida@vti-fotball.no, der du skriv lag, dato og tidspunkt.

BARNESELSKAP klubbhus:
VTI-born: Kr 700,-
Ikkje-medlemmar: kr 1000,-

BARNESELSKAP klubbhus +  1,5t SpareBank 1 Hallen:
Vti-born: Kr 1500,-
Ikkje-medlemmar: 1850,-

NB! Ingen mat inne i SpareBank 1 Hallen under barneselskap. Dette må takast på klubbhuset før eller etter aktivitet i SpareBank 1 Hallen.  

Leigetakar må varsle om eventuelle skader som vert påført SpareBank 1 Hallen og/eller klubbhuset og vere budd på å erstatte/reparere skadane.

Vi ser at vi i kvardagane ikkje kan leige ut til selskap med start 17.00. De kan kome og starte tillaging 17.00, ikkje før. Leigetid måndag-fredag er difor mellom 17.00 - 22.30.

KVELD

17.00 - 22.30
Medlemmar: 1000,-
Ikkje-medlemmar: 1 500,-

DØGN
09:00 - 23.00 / 17.00 - 17.00
Medlemmar: 1 700,-
Ikkje-medlemmar: 2 700,-

KVELD + HEIL DAG

(f.eks. konfirmasjon/barnedåp):
Medlemmar: 2 200,-
Ikkje medlemmar: 3 200,-


VASK OG RUTINE

Vi har tilsett reinhaldar på FFO, som reingjer klubbhuset etter FFO-standard kvar vekedag. Det skal sjå likeins ut når du går som når det var når du kom.  

Det er FFO kvar vekedag, og storsalen vert nytta til måltid og leksetid. Det er eit krav ved utleige at dersom ein tek ut eller flyttar på bord og stolar, skal det setjast tilbake på same plass. Dersom vi må bruke tid på det, vert leigetakar fakturert for arbeidstid.



UTSTYR

  • Klubbhuset har pr dags dato bord- og sitteplass til ca. 60-70 i storsalen, og dekketøy (bestikk, fat, glas, koppar) til ca. 60 personar.  
  • Kjøkken med stort kjølerom.
  • Rullestoltilpassa tilkomst.
  • 3 toalett i hovudetasjen (HC-vennleg).
  • Hjartestartar i gangen mot Rotsethornet/Kragsetbana.
  • Lerret og anlegg for å halde framvising av bilete/video


VILKÅR for utleige

Alle leigetakar må reservere tid i klubbhusdagboka for at tinginga skal vere gyldig.

Eksterne leigetakarar må betale husleiga når tinginga er bekrefta for at tinginga skal vere gyldig. Merk innbetaling med "Leige", leigedato og namn på leigetakar. Innbetaling til konto: 3991.10.38742

Eksterne leigetakarar som skal ha arrangement med alkoholservering, må betale eit depositum på 3 500,- kr, det får ein attende lokalet vert godkjent på mandags morgon.

Leigetakar må varsle om eventuelle skader som vert påført huset eller inventaret og vere budd på å erstatte/reparere skadane.

Heile Volda stadion, inkludert klubbhuset, er røykfri arena.

Arrangement i regi av VTI Fotball på klubbhuset skal vere alkoholfrie. Det er ikkje alkoholforbod for andre leigetakarar, men dei står sjølve ansvarlege for at eventuell bruk av alkohol er innanfor lover og reglar.

VTI Fotball står fritt til å nekte å leige ut klubbhuset. Leigetakarar må vere over 20 år.

ALKOHOL skal ikkje forekome utandørs før kl 21.00 på fredagar, eller før 20.00 laurdag.


HISTORIKK

VTI Allianse er eigar av Klubbhuset, men Volda TI Fotball leiger og driv klubbhuset og har også rett til å leige ut klubbhuset til andre.

Klubbhuset vart bygd på slutten av 80-talet, i regi hovudlaget og med Jarle Dalebø som den store drivkrafta. Mange medlemmer la ned eit stort arbeid på dugnad og at medlemmene er godt nøgde med resultatet vises ved at klubbhuset er i bruk stort sett kvar dag året rundt.

Klubbhuset på Volda Stadion er i bruk året rundt som festlokale, til åremål, konfirmasjonar, barnedåp, bryllaup, møte og andre arrangement.

pynta-til-fest
Klubbhuset pynta til 50-årslag (biletet er teke FØR påbygget kom, salen er no noko større og vi har nytt stort kjøkken).

Utleige SpareBank1 Hallen, klubbhus, bussar og baner