Klubbinformasjon

Fotball er den mest utbreidde idretten i Volda kommune. Det er fem klubbar som driv medfotball: Volda TI Fotball, Austefjord IL, Folkestad IL, Dalsfjorden IL og Mork IL. Klart størst avdesse er Volda TI Fotball som har ca 500 aktive medlemmar.

Volda TI Fotball eig og driv Volda Stadion som er eit stort kunstgrasanlegg med to utandørs 11-arbaner, ei sjuarbane og ei innandørs niarbane i SpareBank 1 Hallen. Anlegget er svært mykje brukt og med SpareBank 1 Hallen som opna i 2014 er det høg aktivitet i fotballen gjennom heile året på Volda Stadion.

Våren 2016 vart og ei utviding av klubbhuset ferdig, noko som har gitt vesentleg betre tilhøve for alleaktivitetane på stadion, og ikkje minst alle dei tilsette som har stadion som sin arbeidsplass. Klubben har 4 heiltidsansatte og rundt 20 deltidsansatte. Dette understøttar på ein veldig god måte ein vidare utvikling av organisasjonen og aktivitetane på Volda stadion.

Volda TI Fotball har hatt stor suksess med utviklinga av Telenor Xtra Volda Fotballfritidsordning og FFO i Volda er ein av dei største i landet og størst på antal jenter. Dette er eit særs viktig tiltak for breiddefotballen og utvikling av fysisk fostring hjå barn, og ein merkar dette godt også elles i Volda TI Fotball gjennom auka interesse for fotballens andre breiddetilbod og nivået på spelarane. Volda sin suksess er også lagt merke til på nasjonalt plan