Kampvert Yngres
Naudsynt? JA! Veldig :-)
Takk for at akk DU stiller som kamvpert for bornet ditt sitt lag!
Det er aller enklast å vere kampvert om du har lasta ned appen "MinFotball", der finn du motstandar, dommar, kva bane ein skal spele på, speleform og kontaktinformasjon.
MEN: BANE oppdateringa er dårleg på appen, så her må du sjekke stadiondagboka!
http://www.vti-fotball.no/AKTUELT/Stadiondagbok/
Det kretsen seier om kampvert:https://www.fotball.no/sok/?fromDist=17&q=kampvert
FLOTT om du sender ein sms til kontaktperson eller trenar for gjestande lag:
"Velkomen til kamp på Volda Stadion, vi skal spele på ________bana. Eg vil ta imot dykk når de kjem.
Det er kiosk på stadion med noko for einkvar.
Ta kontakt om det skulle vere noko.
Mvh ________ Kampvert."
Kampvertinstruks VoldaFotball – Aldersbestemt
• Alle seriekampar i Volda Fotball skal ha Kampvert
• Kontaktperson er ansvarleg for at kampen har kampvert
• Kampverten si hovudoppgåve er å vere med på å skape ei sosial og trygg ramme før, under og etter kampen.
• Kampverten har på gul kampvert-vest, som ein finn i vekeskiosken
• Kampverten skal vere til stades og synlig under heile arrangementet.
Før kampen
Oppmøte seinast 30minutt før kampen
• Duser i stadiondagboka på nettsida kva BANE de skal spele på, og DOMMAR.
(Stadiondagboka er riktig, appen kan vere feil angåande bane…)
• Ønske begge lag og dommar velkommen
• Vere tilstade når dommar og begge hovudtrenarane helsar (FairPlay-møte)
• Trenarar og spelarar på ei side, publikum på andre.
Under kampen
• Oppfordre til positivitet fra trenere/lagledere, både mot spelarar og dommar.
Ikkje gå i ein klinsj, men gi beskjed til solveig@vti-fotball.no om noko var ugreit.
• Hent FRUKTFAT i kiosken like før pause del ut til både heimelag og bortelag
Etter kampen
• Takke for kampen, og ønske motstandar og dommar vèl heim.
• Minne dommar på at ein finn betalingsskjema i kiosken
• Bidra til å rydde opp etterkampen
• Heng vesten tilbake
TUSENTAKK 😊