FFO Vedtekter
VEDTEKTER FOR VTI FOTBALLFRITIDSORDNING
§ 1. FORMÅL
Fotballfritidsordninga (FFO) er eit frivillig omsorgs- og fritidstilbod etter undervisningstida til elevane i 1.-10. Klasse. Tilbodet skal vere eit alternativt til skulefritidsordning, og fokusere på fysisk aktivitet og då særskilt fotball. Fotballaktiviteten er sentral, men den må utformast som eit supplement til den vanlege fotballtreninga på ettermiddagen. FFO skal også sette av tid for leksearbeid. FFO skal skape bevegelsesglede gjennom variert aktivitet. FFO skal bidra til godt kosthold, læring av respekt, folkeskikk og fair play.
§ 2. ANSVARLEG STYRINGSORGAN
VTI Fotball sitt styre er ansvarleg styringsorgan for fotballfritidsordninga.
§ 3. LEIING, STYRING OG ANSVAR
Leiar for FFO har det administrative og pedagogiske ansvaret for fotballfritidsordninga, er ansvarleg for planlegging og styrer dagleg drift. Leiar skal ha pedagogisk og fotballfagleg utdanning og/eller erfaring.
§ 4. BEMANNING
Rettleiande norm er 10-15 born pr. tilsett. Dette er ikkje til hinder for at det i kortare periodar av dagen kan vere fleire eller færre born pr. tilsett. Den som vert tilsett, må leggje fram politiattest.
§ 5. INNTAK AV BORN
Leiar for fotballfritidsordninga gjer opptaket i samarbeid med styret. I dei høve fotballfritidsordninga ikkje har plass nok til alle som søkjer, kan aktivt utøvande medlemmer av VTI Fotball prioriterast. VTI Fotball har rett til å bestemme antall FFO-plassar, og kan ta hensyn til økonomiske konsekvensar ved inntak. Foreldre til born med behov for særskilt oppfølging vert bedne om å ta kontakt med VTI fotball for å avklare muligheitene for inntak og oppfølging. For 1. klassingar, samt 5.-10. klassingar kan det søkjast om FFO for ein, to, tre, fire eller fem dagar. For 2.-4.klassingar må ein minimum velje to dagar FFO i løpet av ei veke.
§ 6. OPNINGSTIDER
Den daglege opningstida kan bestemmast nærmare av VTI fotball, men er i utgangspunktet frå skuleslutt til kl. 1630. Fotballfritidsordninga held ope alle skuledagar. I skuleferiar eller ved planleggingsdagar/inneklemte dagar skal FFO halde open, då i Camp-regi.
§ 7. FORELDREBETALING
Styret i VTI fotball fastset foreldrebetalinga kvart år, men FFO skal ikkje vere vesentlig dyrare enn kommunal skulefritidsordning. Sidan FFO held opent alle dagar (bortsett frå raude dagar) gjeld foreldrebetalinga for 11 mnd. per år. Dersom barnet sluttar i fotballfritidsordninga, er det 1 månads oppseiingstid rekna frå den 1. i påfølgjande månad. Ved oppseiing etter 1. april må ein betale for plassen ut juni månad. Oppseiing eller endring av plassen må gjerast skriftleg og sendast til leiar for fotballfritidsordninga. VTI fotball bør tilstrebe å gi om lag same syskenrabatt som i kommuna si skulefritidsordning. VTI fotball kan seie opp plassar det ikkje vert betalt for. Dei føresette får melding om oppseiing med 1 månads frist. Uteståande foreldrebetaling vil elles verte lagt til grunn ved seinare opptak.
§ 8. TEIEPLIKT
Alle som arbeider i fotballfritidsordningane, har teieplikt.