Leige av buss/bilar

Merk at skriftleg avtale må verte inngått for lån og leige av minibuss og Vivaro

​​Volda Fotball har ein minbuss (16+1 seter) og ein Opel Vivaro (8+1, kan køyrast med vanleg B-sertifikat) for utlån til lag i klubben. Målet med ordninga er at flest mogleg skal få nytte seg av tiltaket.

Senior- og juniorlaga har fortrinnsrett på bruk av bil og buss, då vi vil begrense bruk av unge sjåførar, samt at det i disse årsklassene er vanskelegare å få føresatte til å køyre. Etter at senior- og juniorlaga har fått booka det dei treng før sesongstart, vert det opna for booking for yngre lag i klubben. Ved fleire lag som ynskjer bil og/eller buss på same dato vert bilen/bussen fordelt ut frå fylgjande kritierie:

- Om eitt lag skal reise relativt mykje lengre enn det/dei andre, vert laget med lengst reise prioritert
- Om reisene er omtrent like lange, prioriterar ein laget som som har brukt minst bil og buss tidlegare i sesongen

Ved bruk av VTI Fotball sin bil og/eller buss, må sjåfør/låntakar signere på ein avtale med VTI Fotball om bruk av bil/bussen.

Avtalen er tilgjengeleg her: Avtale om bruk av Volda Fotball minibuss. 09.09.2015

Dersom ein sjåfør nyttar ein av minibussane til VTI Fotball utan at avtalen, vert signert vert likevel avtalen rekna som inngått.

Ved brot på avtalen eller ved køyring utan inngått avtale kan sjåføren verte nekta vidare bruk av VTI Fotball sine minibussar.


UTLEIGE til EKSTERN:

Vi prioriterer å leige ut til andre frivillige organisasjonar, men kan også ha andre eksterne leigetakarar.

PRISAR ​eks mva:

MINIBUSS:
Ålesund: 3 000,-
Molde: 4 500,-
Kristiansund: 5 500,-
Trondheim: 8 000,-
Oslo: 8 000,-

VIVARO: ​
Ålesund: 1 500,-
Molde: 3 000,-
Kristiansund: 4 000,-
Trondheim: 6 000,-
Oslo: 6 000,-

Autopass medfølger og vert etterfakturert! Bil/buss vert levert og returnert med full drivstofftank.

Eksterne leigetakarar er sjølvsagt ansvarleg dersom noko skjer med bilane ved leige, feks knust rute, behov for rens, etc.

Utleige SpareBank1 Hallen, klubbhus, bussar og baner