Leige av baner

​Banene på Volda Stadion er i all hovudsak for LAGA i VTI Fotball.
Andre lag og organisasjonar må inngå avtale med VTI Fotball om å bruke banene på tidspunkt der grupper i VTI Fotball ikkje nyttar banene.

Stadiondagbok finn du her: http://vti-fotball.no/AKTUELT/Stadiondagbok/

Treningstider finn du her: http://vti-fotball.no/AKTUELT/Treningstider/


Reserver bane ved å sende e-post: arild@vti-fotball.no


Leigesatsane for ei treningsøkt (1,5 t) på Volda Stadion er:

Hovudbana: (11er) 1500,-

Bygg1-bana (7er) 500,-

Kragsetbana: (11er) 1250,-

SpareBank1 Hallen: 1500,-

Døgnleige HALL: Ta kontakt, kjem an på kva arrangement det er.


Leigesatsane for kamp (2t 15min), garderober inkludert:

Hovudbana: (11er) 2000,-

Kragsetbana: (11er) 1750,-


For langsiktige avtalar er det rabattar å hente.

Leigetakarar som ønskjer å bruke Volda Stadion for andre formål enn fotball må ta kontakt med oss for å gjere avtale om utleige. Dette kan til dømes vere konsert, barnesirkus, motorshow og liknande.

Arrangement som er avhengig av å slå pålar i grunnen får ikkje leige Volda Stadion fordi dette kan skade dreneringsrøyra i bana.

Dagsprisen for utleige av grusbana er kr 5.000,-. Med eit depositum på 1500,-
Det er ein føresetnad for utleige at leiga er betalt på førehand og at området er rydda i etterkant.

Utleige SpareBank1 Hallen, klubbhus, bussar og baner