Kjempekamp av keeper Anne Egset
Freidig tok tidleg leiinga i kampen, men Camilla Aure utlikna for Volda like før pause. Guro Båtevik og Anne Egset vart Voldas kampvinnarar:Guro scora Voldas 2-1 mål på eit skot frå ca 40 meter, medan keeper Anne vart kåra til dagens voldaspelar med ei rekkje gode redningar. Med dette kan Volda ta fotballferie på nokolunde trygg grunn. No blir det Danacup neste for mange av dei unge voldaspelarane.
Freidig ville med siger ha innteke tabelltoppen i den jamne 2. divisjon for kvinner for Trøndelag og Møre og Romsdal. Tidlegare har Volda fått litt varierande resultat i mange jamne kampar mot Freidig, men dette var første gongen Volda slo Freidig på Stadion:
2012: Volda-Freidig 2-1
2011: Freidig-Volda 0-1, Volda-Freidig 3-3
2010: Freidig-Volda 2-1, Volda-Freidig 1-1
Kommentarer