3-2 mot MSIL
Fakta:
Ørsta - MSIL 3-2 (2-0)
32 min 1-0 Sigurd Nybø
43 min 2-0 Mats Øvrebotten
52 min 3-0 Mats Øvrebotten
57 min 3-1 Stian Hellevik
89 min 3-2 Roy Magne Sunde
Ørsta tok tak i kampen frå start og skapte fleire gode sjansar første halvtimen. Men ballen gjekk stort sett på utsida av stengene. MSIL satsa på tidlege ballar i bakrom og dødballar i feltet, men klarte ikkje skape farlege situasjonar. Ørsta heldt trykket oppe i varmen, og 1-0 kom etter 32 min. Sigurd drog av backen sin, la inn og ein uheldig MSIL-keeper med sola i augene måtte sjå ballen bak seg. Like etter vart Mats felt innanfor seksten, utan å få straffe. Men det fekk Ørsta rett før pause, då ein forsvarar stoppa eit skot med handa. Mats sette den, og det stod 2-0 halvvegs.
MSIL flytta laget høgare i 2. omgang. Det gjorde at Ørsta ikkje fekk like god tid til å starte med ball bakfrå, men også at det vart meir bakrom. Noko som vart brukt flittig, og målsjansane kom tett. Blant anna var Ørsta åleine med keeper ved fleire høve og tverrliggjaren redda keeperen to gongar. 3-0 kom etter 52 min. Sjur spelte Mats fri i bakromet og åleine med keeper lobba han ballen over keeper til fortjent tremålsleiing. Men i staden for storsiger, skulle det bli spenning på slutten. 5 min etter snappa MSIL-spissen ballen etter eit kort utspel, og reduserte til 3-1. Ørsta fortsatte å skape målsjansar, men lukkast ikkje å auke leiinga. MSIL prøvde å flytte fram meir folk på slutten, men skapte ikkje målsjansar før i det 89. min. Då tok dei ein corner før Ørsta var organisert skikkeleg og fekk headde inn ny redusering på bakre.
Alt i alt ein positiv kamp frå Ørsta si side, med god innsats bakover og mykje godt spel og mange sjansar framover. Ut frå spel og sjansar var dette ein kamp Ørsta burde vunne med minst tre-fire mål. At MSIL klarer å få to mål på det dei skaper, er derimot ein stor prestasjon.
Desse spelte: Nikolai, Simon (Tord Are 88. min), Daniel, Lars Olav, Henning, Sjur, Kai Henning, Vetle, Eskild (David 85. min), Mats, Sigurd (Robert 60. min)
Kommentarer