2-2 mot Rollon
Fakta:
Ørsta - Rollon 2-2 (1-2)
22 min: 1-0 Mats Øvrebotten (Terje Rebbestad)
28 min: 1-1 (frispark)
37 min: 1-2 (corner)
57 min: 2-2 Mats Øvrebotten (Terje Rebbestad)
Kampen opna friskt med to lag som gjekk ut offensivt. Nokre halvsjansar innledningsvis,
men første målet kom først etter 22 minutt. Sindre slo gjennom Terje i bakromet, han la inn
i midten der Mats var på rett plass og breisida inn 1-0. Rollon svarte 6 minutt seinare på
ein dødball. Eit frispark frå ca 20 m gjekk rett inn, og 1-1. Knappe 10 minutt etter var det
klart for nytt Rollon-mål. Denne gongen på corner. Åleine frå 5 meter vart corneren headda
kontant i nettet, til 1-2. Det var også pauseresultatet.
Etter kvilen var Ørsta det laget som ville mest. Men Rollon var ikkje ufarleg i byrjinga av
omgangen. Likevel var det heimelaget som skapte mest og ikkje ufortjent fekk utlikning
etter 57 minutt. Innlegg frå Terje igjen, og Mats som headda inn 2-2. Ørsta skapte 3-4 store
sjansar til, både på dødball og etter spel, og burde dra heim 3 poeng. Men det vart 2-2 til slutt.
Kjekt å sjå at Ørsta hadde mest å by på utover kampen, og at mange meldte seg på.
Desse spelte: Nikolai, Simon (Roberto 72. min), Lars Olav, Tord Are, Daniel (Eskild 72. min),
Kai Henning, Sindre (Vetle 65. min), Sjur (David 72. min), Terje, Mats, Sigurd (Kjetil 72. min).
Kommentarer