2-3 mot Langevåg
Fakta:
Ørsta - Langevåg 2-3 (2-1)
8. min: 1-0 Mats Øvrebotten (Sigurd assist)
11. min: 2-0 Sindre Vinjevoll (Kai Henning assist)
41. min: 2-1
54. min: Nikolai Engeset får rødt kort
70. min: 2-2
91. min: 2-3
Kampen opna friskt, med eit Ørstalag som vann dei fleste duellane og kom stadig framover. Trykket gav tidleg utteljing i form av mål. 8 min var spelt då Sigurd stussa ballen vidare til Mats på utsida av målfeltet. Han brassesparka ballen i ein fin boge over keeper og ned i mål, til 1-0. Berre tre min seinare tok Kai Henning eit frispark oppe på sida, kort til Sindre som avanserte eit par meter og fyrte av. Langskotet fekk ein fin boge, og gjekk inn via tverrliggjaren, til 2-0. Etter det kom Langevåg litt meir med, men fekk ikkje skapt farlege sjansar før på slutten av omgangen. Då stod Ørstaforsvaret farleg høgt ved eit par anledningar, og etter 41 min lurte Langevågspissen offside-fella og kom åleine gjennom. Han sette ballen sikkert til side for Nikolai, til 2-1. Ørsta stod bra på gjennom heile omgangen og spelte tidvis ut Langevåg, men klarte ikkje skape meir enn nokre halvsjansar, og eit par farlege dødballar.
Etter pause var det igjen heimelaget som tok initiativet og Terje var stadig frampå på venstresida. 54 min spelt var Langevågspissen igjen på gjennomløp og blei tatt av Ørstakeeperen ute på 15 meter. Det resulterte i raudt kort og straffe. Straffa gjekk over mål, men det gode Ørsta-presset vart ikkje like lett å oppretthalde. Langevåg fekk meir plass, og flytta laget høgare. Det resulterte i ein del dødballar, som dei tok godt vare på. 70 min spelt var dei først på returen etter ein dødball, og sette inn utlikninga til 2-2. Ørsta hadde 3-4 gode sjansar på kontringar, og både Kai Henning, Tord, Mats og Terje kunne ha sendt Ørsta i føringa på slutten. I staden får Langevåg utteljing på ein dødball på overtid. Nok ein gong er det Langevåg som er først på ballen når den dett ned i feltet, og 2-3.
Surt å ikkje få med seg poeng, i ein kamp der vi skaper nok og legg ned ein solid innsats og speler god fotball. Det hadde vi fortjent.
Desse spelte: Nikolai, Simon (Vetle 65. min), Tord, Lars Olav, Daniel, Kai Henning,
Sindre (Eskild 75. min), Sjur (Cato 84. min), Sigurd (Knut Egil 54. min), Mats, Terje
Kommentarer