Volda best framfor måla

Fakta:

Ørsta - Volda 1-3 (0-2)

14. min 0-1 Terje Haugen Øye

34. min 0-2 Isak Husøy

48. min 0-3 Jørgen Winjevoll

61. min 1-3 Mats Øvrebotten

Desse spelte for Ørsta: Nikolai, Sindre (Simon 84. min), Daniel, Tord Are, Lars Olav, Sjur, Kai Henning (David 79. min), Vetle, Robert (Eskild 24. min), Mats og Terje

Mål pregar kampar, og det same gjer skader. Ørsta kom dårleg ut av begge deler i dag.

Spelemessig opna det jamnt, og farlegast var det på dødballar. Etter 14 minutt fekk Volda kaste til ein umarkert Haugen Øye på femmeteren, og det gjer ein ikkje ustraffa. Han runda keeper og sette inn 0-1 frå skrått hald. Etter det var Ørsta også frampå på nokre dødballar, men utan resultat. Robert måtte ut med kneskade etter ca 20 minutt. 34 min spelt kom Volda seg litt for lett forbi på høgrekanten. Innlegget fekk Husøy breisida inn frå kort hald, etter godt innløp. Omgangen ebba så ut med eit par halvsjansar til begge lag.

Berre tre minutt ut i 2. omgang var det igjen Volda som var best framfor mål. Eit innlegg på bakre, og Winjevoll fekk for god tid og auka til 3-0. Ein nasestyvar for heimelaget som hadde håpa å kunne snu kampen. Etter timen fekk Mats tid inne i feltet og reduserte til 1-3, etter innlegg frå Terje. At det ikkje vart fleire mål denne kampen, er smått utruleg. Volda var stadig gjennom bak Ørstaforsvaret. Men enten sette Voldaspissane ballen utanfor, eller så rydda Nikolai unna. Ørsta hadde også sjansen til å skape meir spenning, men verken Terje eller Mats lykkast med det denne gongen.

Alt i alt fortjent siger til Volda. Ørsta skuffa litt, både spelemessig og på tenning. Men som sagt; mål og skader pregar kampar.  

 

 

Kommentarer