4-2 i semifinalen mot Volda:)

Fakta:

Ørsta - Volda 4-2 (0-2)

14. min   0-1, dødball, retur

34. min 0-2, dødball, corner

55. min 1-2, Vetle (Mats), gj.spel

56. min 2-2, Vetle (Robert), gj.spel

66. min 3-2, Mats, straffe

86. min 4-2, Sigurd (David), dødball, corner

 

Det var to tente lag som møttest i semifinalen i Hareid Group vintercup fredag kveld. Volda fekk første målet,

etter 14 min på frispark frå 20 og retur frå keeper. Det var også Volda som hadde mest ball vidare utover omgangen.

Ørsta var aggressive og gode defensivt, men klarte ikkje å halde lenge på ballen offensivt. Når Vetle i tillegg måtte ut

i knappe ti minutt med naseblod, vart det vanskeleg å få til mykje framover. 0-2 kom også i perioden med ti mann,

på nok ein dødball i det 34. min. Denne gongen på ein godt slått corner, og headding frå kort hald. Ørsta hadde eit par

sjansar i slutten av omgangen, så sjølv om det var fortjent Voldaleiing til pause, så var det eit Ørstalag med godt mot som tok pause.

Etter pause var skuldrane senka og Ørsta fekk til mange kombinasjonar framover. 10 min ut i  omgangen var det klart for redusering.

Mats fann Vetle på gjennomløp, og han sette inn 1-2. Minuttet etter var det 2-2, etter brudd på høgre og pasning frå Robert.

Vetle var igjen på løp, fekk vendt opp i feltet og ny god avslutning nede i hjørnet. Mål pregar kampar, og det var lett å sjå kven som var i siget.

Ørsta hadde mest glød og tenning også siste halvtimen. 3-2 kom på straffe, etter hands i feltet. Mats sette den sikkert nede i hjørnet.

Volda skapte eit par gode sjansar i andre omgangen, men heilhjerta forsvarsspel hindra fleire mål den vegen. Framover vart det endå eitt

4 minutt før full tid. Sigurd fekk vendt opp i feltet etter litt klabb og babb på ein corner, og då tuppa han ballen i mål til 4-2 frå kort hald.

 

Desse spelte: Nikolai, Eskild (Roberto 45. min), Torstein (Sigurd 82. min), Tord, Lars Olav, 

Sjur, Kai Henning, Vetle, Robert, Mats, Terje (David 82. min)

Kommentarer