2-1 seier i siste seriekamp!

Det var heimelaget som tok tak i kampen frå start og eigde ballen. Ørsta låg lavt og klarte ikkje å halde på ballen. Heimelaget var farlege i medvinden, på lange oppspel og dødballar. Derfor var det også fortjent at Valder gjekk opp i leiinga etter 14 minutt. Ein dødball frå venstresida gjekk forbi alt og alle og traff bakre stolpe. På returen var 4 valderspelarar og ein ørstaspelar, og dermed 1-0. Ikkje lenge etter gjekk ein susar av eit langskot i tverrliggjaren bak Petter, men heldigvis ikkje inn. Halvvegs ut i omgangen fekk også Ørsta ballen til å gå, og etablere litt spel opp i bana. Etter 29 minutt spelt, kom utlikninga på eit hjørnespark. Robert fekk ballen ute på hjørnet av seksten og sendte ballen i boge over keeper og i tverrliggjaren. Tord Are var på returen og sette ballen i mål frå kort hald. 1-1 stod seg også til pause, noko bortelaget var mest fornøgd med.

I andre omgang fekk vi justert vekk bakrommet og laga færre dødballar. Ørsta låg tolmodig og disiplinert tilbake i bana og tok få sjansar framover. Dermed vart det langt mellom farlegheitene denne omgangen. Men i det 79. minutt vann Sjur ballen på midten og spelte gjennom Mats med hælen. Han tok godt vare på sjansen, og frå 20 meter skrudde han ballen utanfor keeper si rekkevidd og ned i høgre hjørne, til 1-2. Heimelaget hadde ballen mest og pressa på på slutten, men utan å få dei store sjansane. Dermed ebba kampen ut med borteseier.

All honnør til gutta for god innsats og disiplinert defensivt arbeid. At vi får lite til framover, får vi tole.

Desse spelte: Petter, Christoffer, Robert, Tord, Sindre (Henning 79. min), Sjur, Jørgen, Henrik (90. min), Sigurd, Mats, Cato.

Kommentarer