Ny heimesiger!

Det var sommarlege forhold på Ørsta kgb ikveld. Kanskje var det med på å gjere det litt tammare enn vanleg? I første omgang var det spelemessig eit lite overtak til heimelaget, men sjansemessig ganske jamnt. Begge lag var åleine med keeper, men utan å lykkast. Norborg trua stadig bakrom og var farlege på dødballar. Heimelaget var fleire gonger rundt på kantane, og hadde eit par farlege kontringar, men lykkast ikkje å få utteljing før pause.

Andre omgang var berre seks minutt gammal då Terje tok ansvar: Eit fantastisk soloraid på venstrekanten, der han drog seg innover i bana og så gjennom mot mål og avslutning i næraste kryss. Eit mål frå øverste hylle og 1-0. Berre fire minutt seinare var Tord først på ein retur frå keeper, etter ein corner, og sette ballen i nettet. Norborg var ikkje ufarlege, og fekk unødig mange dødballar. Men det skulle ikkje bli mål på dei denne gongen, sjølv ikkje på straffe. I staden for redusering til 2-1 og spenning i kampen, sette Mats inn 3-0 etter å ha kome seg fri inne i feltet. Då var kampen avgjort, men to minutt før full tid tok Jørgen eit frispark frå ca 30 meter. Henrik var framme på returen frå keeper og fastsette sluttresultatet til 4-0. 

Vi er heldige som slepp unna med null baklengs idag, men vinn fortjent etter spel og sjansar.

Desse spelte: Petter, Christoffer, Tord, Sindre (Cato 66. min), Espen (Henning 76. min), Kai Henning (Sjur 70. min), David (Henrik 76. min), Jørgen, Robert, Mats og Terje

Ballgutar og jente 99 klar til kamp, og dei gjorde ein kjempeflott jobb. Takk skal dokke ha.

Alf, "Lulli" og Kjell Arne klar for kamp, engasjert som alltid

Corner til Ørsta, tett i feltet

Lagleiar Gisle i spenning

Kommentarer