Klar heimesiger i lokaloppgjeret

Kampen byrja med eit spelemessig overtak til heimelaget, utan at det vart skapt mange store sjansar. Terje var etter kvart giftig ute på kanten og fekk lagt inn nokre gonger. Det var også Terje som var nest sist på 1-0 skåringa, og ikkje overraskande var Mats frampå og skåra. Det var då gått 20 minutt. Gjestane fekk låne litt meir ballen etter skåringa, men skapte ikkje store sjansar. 6 minutt før pause gjekk Ørsta opp i 2-0. Mats la tilbake til Kai Henning som plasserte ballen ute med stolpen frå 16 meter.

I byrjinga av 2. omgang avgjorde eit skarpt og bestemt heimelag kampen. 3-0 kom etter 47 minutt på straffe frå Mats, etter at Robert vart felt. 6 minutt seinare var Robert igjen frampå, denne gongen på eiga hand, til 4-0. Gjestane fekk igjen kome litt inn i banespelet, men nøyer seg med eit skudd frå 16 som går eit par meter utanfrå. Begge lag gjorde nokre bytter midtvegs i omgangen. 5-0 kom etter 80 minutt etter legg frå Robert, der Mats får headde upressa frå kort hald. Gjestane kom så åleine igjennom, men vart sprunge opp før avslutninga kom. I staden gjekk heimelaget opp i 6-0 når Robert fekk god tid i feltet, etter pasning frå Henrik.

Liten tvil om kamputfallet, men sjølv om 6-0 er solid, har Ørsta ein del å gå på spelemessig. Berre glimtvis går ballen fort nok og timingen stemmer. Litt for ofte blir ein nødt til å slå over midtbana, i staden for å få med fleire i angrep. Men for all del, mykje positivt også!  

Ørsta klar til lokaloppgjere.

Henning instruerar Henrik før innbytte.

Mats med  3, Kai Henning 1 og Robert 2 mål i lokaloppgjere.

Kommentarer