6-0 siger i siste kampen før ferien!

Det var ingen tvil om kven som skulle vinne denne kampen. Ørsta var først og best i alt, og første målet kom etter berre 2 minutt. Vidar slo eit frispark i sterk medvind inn bak forsvaret og Robert rakk ballen akkurat før keeper og flikka inn 1-0 med ei lang tå. 5 minutt seinare bles dommaren mål til Robert og Ørsta igjen, men annulerte etter å ha konferert med assistentdommaren som først markerte for skåring. Ørsta hadde bra kontroll i medvinden og pressa Godøy bak på bana, og kom stadig på besøk i Godøyfeltet. Etter 23 minutt vart Kai Henning tatt inne i feltet på ein retur, og Mats satt straffa til 2-0. Fleire mål vart det ikkje før pause.

Etter kvilen heldt Ørsta koken og initiativet sjølv i motvinden. 7 minutt ut i omgangen fekk Ørsta dødball. Den vart i første omgang klarert, men Terje tok returen og spelte gjennom Torstein som runda keeper og sette inn 3-0.  5 minutt seinare vann Lars Olav ballen på backen og spelte Terje fri i bakrom. Han runda keeper og sette inn bortelagets fjerde for dagen. Berre tre minutt etter var det Jørgen som serverte Robert i bakrom. Også han runda keeper og det stod 5-0. Etter 77 minutt sette Mats inn sitt andre for dagen frå kort hald, med Robert som servitør. Godøy får 2-3 gode sjansar til å redusere, blandt anna to forsøk på straffe, utan å lykkast. Dette var tydeleg vis dagen der Ørsta også skulle halde nullen. Kjekt å runde av til sommaren med seier, etter ei periode med lite poenghausting.

Desse spelte: Petter, Lars Olav (Eskild 78. min), Torstein, Daniel Aa, Vidar, Sjur (Henrik 65. min), Kai Henning, Jørgen (Vetle 87. min), Robert (Cato 78. min), Mats (David 83. min), Terje.

Kommentarer