3-2 seier i årets første heimekamp
Første omgang var jamn, med eit initiativ til heimelaget. Varierte bra offensivt og med god struktur defensivt. Skapte eit par sjansar, mellom anna eit bra frispark frå Lars Olav. Bakover skapte Spjelkavik lite farleg.
Etter pause skulle det skje meir. Vi hadde berre spelt 4 min, før det stod 0-1 etter å tråkla seg gjennom med småspel. Endå eit slag i trynet kom 2 min seinare då David fekk sitt andre gule for dagen og måtte i tidleg dusj. Ørsta måtte legge om til 3 på midten og 2 spissar, og det skulle vise seg å fungere som berre det. I det 56. min spelte Mats gjennom Terje, som utlikna med ei god avslutning. Kvarteret før slutt var Terje igjennom igjen, etter stuss frå Robert, til 2-1. 2 min seinare spring Robert gjennom etter pasning frå Kai Henning, og set ballen kaldt bak keeper. Spjelkavik får ei redusering 3 min på overtid, men får ikkje fleire sjansar.
Mange som legg ned ein solid innsats i dag, og det smakte godt med 3 poeng.
Desse spelte:
Petter, Eskild, Daniel Aa, Lars Olav, Christoffer, David, Sjur, Cato (Kai Henning 63. min), Jørgen, Terje (Sigurd 85. min), Mats (Robert 70. min)
Kommentarer