Onsdag var A-laget/jr-laget og damelaget samla

Onsdag kveld var Damelaget og A-laget/jr-laget samla for svært hyggeleg sosialt samver på Ørsta klubbhus. Dagleg leiar Kalle hadde skaffa (baka?) masse boller og kakao (som damelaget laga til). Kalle stilte også med tidsriktig Quizz som fekk hjernecellene til å jobbe litt. I bakgrunnen rulla kampen mellom Chelsea - FC København.

Damelaget stilte nesten fulltallige og gutane var mange dei også - imponerande. Kjekt å sjå at mange tek seg tid til slike sosiale samkvem, og ser nytten av desse.  Dette kan vi gjerne ta igjen ved eit seinare høve. - FO

Kommentarer