Martin Ove Roseth (16) får proffkontrakt med Molde

Voldaspelar til landets beste fotballklubb.

Martin Ove og pappa Ove Roseth.

Voldaspelaren Martin Ove Roseth (16) har bestemt seg: Han vil spele for Molde fotballklubb. Både Molde og Hødd har vore interesserte i den lovande voldaspelaren, men til slutt valde altså Martin Ove Molde og vil i haust få trene i lag med Moldes stjernegalleri i lag med blant andre målvakt Ørjan Håskjold Nyland.

Molde er for tida suveren serieleiar i Tippeligaen og mange meiner at spelarstallen til Molde både er den største og jamnaste i landet.

Martin Ove Roseth hadde ei av sine siste treningar med Volda onsdag 6. august og han kunne der fortelje at han har bestemt seg for å gå til Molde. Martin Ove fortel at det viktigaste grunnen til at han valde Molde var at han følte han kom til å bli satsa på og at alt var tilrettelagt for at han skal kunne bli så god som mulig. - Eg følte og at eg passa veldig godt inn i det miljøet som er i Molde, seier Roseth, som i sommar har trena og spela turneringskampar for Molde. Han har store forventningane til seg sjølv som moldespelar, og håper på å spele seg kjapt inn på Molde 2 (i 2. divisjon), og å få prøve seg meir og meir på A-laget til Molde. Dei langsiktige ambisjonane til den unge voldingen er å etablere seg fast i Tippeligaen og å få prøve seg på landslaget. Og å reise utanlands om det byr seg eit høve.

- Å forlate volda fotball er jo litt vemodig men samtidig føler eg at klubben har gjort meg klar til å ta eit nytt steg. Eg sett stor pris på det klubben og dei forskjellige trenarane har gjort for meg. Og ikkje minst alle medspelarane, seier Martin Ove.

Trenaren har tru på Martin Ove

Voldatrenar Rikard Vestre har naturleg nok blanda kjensler over at Martin Ove no reiser frå Volda og laget dermed misser ein god spelar i 4. divisjonslaget. Men når beslutninga først er tatt støttar Vestre spelaren sin og ønskjer han lukke til i Molde.  - Vi skulle gjerne hatt han lenger hos oss i Volda, men det er lett å forstå at han vil ta denne utfordringa. Vi ønskjer han all mulig lukke til videre. Kanskje får Volda enda en Tippeligaspeler om nokre år. Vi følger spent med!

Ein kan lure på om det er rett at ein 16-åring satsar så hardt på fotball, men her er Vestre klar: - Ein slik sjanse kan en ikkje la gå fra seg. Molde er landets beste og mest veldrevne klubb for tida, dei viser genuin interesse for Martin Ove og legg absolutt alt til rette. Då er det ikke noko sjansespel å reise. Molde har kontroll på oppfølgjing sosialt og skule.

Vestre har også mange godord om Martin Ove som fotballspelar. - Han er så fotballklok at han kan ta alle nivå. Farta hans er eit kjempevåpen. Som igangsettar er han strålande. Når han i tillegg har blitt duellsterk det siste året så snakker vi om full pakke, så denn volda-midtstopperan kan absolutt ta steget. Treningsmengda og restitusjon blir viktig å takle rett framover så han ungår skader.

Sportsleg leiar i VTI Fotball Jon Ove Høydal hadde også gjerne sett at Martin Ove heldt fram lenger i Volda, men ønskjer Martin Ove all muleg lukke til i Molde, og legg til at han alltid er hjarteleg velkomen til eller tilbake til Volda Stadion.

 

Toppidrett og skule

Detaljane i avtalen mellom Molde og Roseth er ikkje offentlege, men det er klart at avtalen inneber at Martin Ove bind seg til å bli Moldespelar, at han får noko lønn, og at han sportsleg sett blir ein del av seniorstallen og i utgangspunktet skal spele for Molde 2 i 2. divisjon men også ha treningar i lag med Moldes A-lag.  I Molde skal Martin Ove gå på toppidrettslinje på private Heltberg Toppidrettsgymnas som er ein del av Akademiet vidaregåande skule.
 

I årets voldastall har dei to 16-åringane Sveinung Tilseth Sæterås (til venstre) og Martin Ove Roseth vore dei yngste spelarane.

Foreldre til Martin Ove er Ove Roseth og Gunnhild Rønstad. Dei har følgt opp sonen og vore aktive på mange vis i Volda Fotball i årevis, og er spente på tida framover når 16-åringen skal flytte på hybel. Dei er ikkje bekymra over at sonen skal flytte på hybel. - Vi synes det er spennande at han har fått tilbod med Molde, og støtter han fullt og heilt i den besluttninga  han har tatt, seier foreldra

Gunnhild Rønstad og Ove Roseth i aksjon under Bendit Cup i 2011.

Tilbod frå Oransj?

Eit viktig spørsmål i voldafotballen er kven som vert uttekne til å spele på turneringslaget "Oransj", og der kan Martin Ove røpe at han førebels ikkje har fått tilbod, men ser ikkje vekk frå at det kan kome! Førre vinter var både Moldeproff Ørjan Håskjold Nyland og Vålerengaproff Sivert Heltne Nilsen å finne på laget.

©2016 123klubb for effektiv klubbdrift leveres av KX Products