Sunnmøre Fotballkrets rosar Volda
Dei to toppleiarane i Sunnmøre Fotballkrets stakk innom Tine Fotballskule tysdag, og dei likte det dei såg på Volda Stadion. Bjørn Oskar Haukeberg (dagleg leiar) og Leon Aurdal (styreleiar) kom midt i lunsjen og fekk sjå 240 ivrige fotballspelarar og instruktørane deira ta ei velfortent pause.
I ei opptelling frå Sunnmøre Fotballkrets går det også fram at Volda har den desidert største fotballskulen som blir arrangert no dei første dagane i skuleferien. Samla er det ca 1.000 barn som deltek på 9 fotballskular på Sunnmøre, og 240 av dei har teke turen til Volda.
Fotballskulerektor Gina Rundtom og dagleg leiar Åse Leikanger orienterte om Voldas opplegg for Tine Fotballskule - det har vore eit nokså fast opplegg dei siste åra der skulen går dei tre første dagane i skuleferien og der instruktørane kjem frå eigne rekker. Gina Rundtom har vore leiar eller med i leiinga av fotballskulen dei siste fire åra, og ho la stor vekt på at det har vore kontinuitet også i arrangørkorpset i desse åra og var glad for å ha dyktige og positive folk rundt seg.
Bjørn Oskar Haukeberg var veldig positiv til måten Volda gjennomfører fotballskulen på og håpte at Volda ville halde fram med det gode arbeidet vidare.
Bilde av alle spelarane på Tine Fotballskule i Volda 2012 (gruppebilde)
Bilde av instruktørane på Tine Fotballskule i Volda 2012
Andre bilde frå fotballskulen

Kommentarer