... men det var lenge spennande på Stadion ...

Volda tok ei tidleg leiing i kampen mot Hareid: Terje Haugen Øye vart spelt fram på høgresida, skaut, fekk retur frå keeper og la over til Christoffer Bjerknes som scora frå kort hald. Dette blei pauseresultatet etter ein jamn og sjansefattig førsteomgang der Volda var eit lite hakk farlegare enn Hareid. 

I andre omgang fekk Volda på nytt ei tidleg scoring då Terje Haugen Øye scora sikkert på straffe mot Hareid-keper Vagn Scheide Mork som er ein skikkelig straffespesialist. Hareid fekk nytt håp om poeng då Marius Riise klistra eit direkte frispark i krysset, men Volda fekk fleire kontringar i sluttminutta og Vegard Hellebust var kampens kaldaste skalle då han lobba ballen over keeper, runda og dytta ballen over streken med hovudet og dermed 3-1 til Volda. 

Dei fleste andre kampane i 3. divisjon blir spelte laurdag, men med dei tre poenga frå denne kampen klatra Volda opp frå 13. og nestsisteplass til 10. plass og dermed så vidt over den berømte streken. 

 

FAKTA:
Volda-Hareid    3-1   (1-0)
Volda stadion, KGB
Dommar: Jonny Skjerven, Kaupanger
Mål: 1-0 Christoffer Bjerknes (7), 2-0 Terje Haugen Øye (56,str.), 2-1 Marius Rise (72), 3-1 Vegard Hellebust (90)
Laget: Petter Aasen, Sondre L. Lied, Vegard Hellebust, Lars Johan Holsvik, Rasmus Aarflot, Steffen Oksnes Elde (Rune Haugen,53.min), Bjørnar Bakke Liaskar, Anders Heggen, Isak Skjærseth (Knut Arne Grimstad,78.min), Christoffer Bjerknes (Jonathan Jacobsen,88.min), Terje Haugen Øye
Mørepoeng: Christoffer Bjerknes  3, Sondre L. Lied 2, Vegard Hellebust 1

 

Bilde frå kampen

Terje Haugen Øye skyt - Christoffer Bjerknes ligg klar i midten
1-0: Christoffer Bjerknes er på plass.
Isak Skjærseth flyg høgt
Sondre L. Lied spelte eing god kamp
Straffe til Volda - Hareid fortvilar.
2-0: Terje Haugen Øye er sikker.
... no skal du høyre ...
Klart for frispark til Hareid ... 
Krysset ja ... og Hareid reduserer til 2-1.
 

Men så blir det 3-1

 
 Terje Haugen Øye header over til Vegard Hellebust ...
 
 .. Vegard er kald og lobbar over keeper ...
 
 .... og puttar ballen i mål med hovudet ...
 
 3-1: Velfortent feiring!

 

 

Kommentarer