Held Voldas gode heimestatistikk?

Sesongen nærmar seg halvspelt og Volda på nedrykksplass var ikkje det vi hadde håpa på før seriestart. I komande kamp møter Volda Hareid på heimebane - og då bør det vel bli siger? Hareid har fem strake tap før dei kjem til Volda, og med nytt tap kan Hareid vere hekta av alt før sesongen er halvvegs. Men som vi veit har spelar Hareid med hjartet på utsida av trøya og mot Volda har dei kanskje betre håp om poeng enn i dei førre kampane.  

Volda har ikkje tapt på heimebane i år, men har nokså unødvendig rota vekk sigeren i fleire kampar. Her er er alle Voldas seriekampar i år. 

 

Tidlegare resultat Volda - Hareid

Volda og Hareid har vore gjengangarar i 3. divisjon dei siste 10 åra med mange harde betaljar der resultatet ikkje alltid gjenspeglar tabellsituasjonen. Hareid - og Ørsta - var einaste laga som slo Volda i opprykkssesongen i 2003. Kampane har også bode på to målorgiar - ein kvar veg - og begge på Volda Stadion. I 2006 vann Hareid heile 7-0, medan i Voldas opprykksesong i 2003 vann Volda heile 9-0 på Stadion. Begge resultata er høgt oppe på lista over største heimesiger og største heimetap for Vodla. 

Hareid rykte ned etter 2010-sesongen, men rykte opp på første forsøk i 2011-sesongen. I 2004 spelte Volda i 2. divisjon.

Oppteljing av dei 18 kampane mellom Hareid og Volda frå 2001 og seinare viser at Volda har vunne 9 kampar, 4 har enda uavgjort og 5 har enda med siger til Hareid. På Stadion har Volda vunne fire kampar, tre har enda uavgjort og hareid har vunne to kampar.

Det er ofte målrike kampar mellom Volda og Hareid. Ingen av kampane har enda 0-0, og til saman har det vorte scora heile 71 mål på dei 18 kampane - eller ca 4 mål pr kamp.

2010: Volda - Hareid 5-1, Hareid - Volda 3-3
2009: Volda - Hareid 2-1, Hareid - Volda 0-4
2008: Volda - Hareid 0-1, Hareid - Volda 1-2
2007: Volda - Hareid 1-1, Hareid - Volda 1-0
2006: Volda - Hareid 0-7, Hareid - Volda 3-2
2005: Volda - Hareid 1-1, Hareid - Volda 1-4
2003: Volda - Hareid 9-0, Hareid - Volda 2-0
2002: Volda - Hareid 4-1, Hareid - Volda 0-3
2001: Volda - Hareid 2-2, Hareid - Volda 1-2

 

 2009: Volda - Hareid 2-1 

 

Kommentarer