Volda tapte 3-0 for Surnadal på Syltøran stadion laurdag ettermiddag, og er med det i nedrykksstriden med begge beina!
Eitt mål i 1. omgang og to straffespark i andre, gjorde at Surnadal og Volda bytta plass i nedrykkstriden. Botnlaget, Hareid, er neste motstandar, - på heimebane. Då MÅ det bli ein trepoengar!?
Kampen mot Surnadal var ein av tre kampar mot botnlag før ferien, og Volda opna som eit botnlag sjølv mot Surnadal. Første kvarteret var svakt frå grøntrøyene, sjølv om heller ikkje heimelaget skapte allverden. Volda skapte også eit par halvfarlege moglegheiter før heimelaget festa eit visst grep.
Etter 25 minutt tek då også heimelaget leiinga. Bjørnar Sæter drar seg fri og set ballen i hjørnet bak Petter Aasen i Volda-målet. Etter dette kjem Volda meir med i kampen utan at det resulterar i dei heilt store sjansane. 1-0 står seg til pause.
Andre omgangen opnar jamnt, men etter fem minutt får Surnadal straffe. Kjetil Rønning er sikker frå straffemerket og doblar leiinga for heimelaget. Volda gir seg ikkje og held oppe eit bra trykk og får eit par brukbare moglegheiter, men diverre resultatlaust. Rett før halvspelt omgang får Surnadal på nytt straffe og også denne blir sendt sikkert i nota, 3-0 til heimelaget.
Volda er fullt på høgde med Surnadal i andre omgang og skapar ein del sjansar, men utan uttelling blir det dårleg med poeng. Rutinerte Lars Johan Holsvik oppsummerte etter kampen.
-Vi er ikkje tre mål dårlegare, men taper alt i alt fullt fortjent.
Surnadal var eit lag som spelte på det dei var gode på og gjorde nett det godt. For Volda sin del så er det ikkje så mykje som skal til for at det snur.
-Eg trur ikkje vi kan gjere so mykje annleis, anna enn å sette sjansane våra, slår Holsvik fast.
Så får vi håpe at grøntrøyene gjer det allereie neste kamp mot Hareid, men så er det heldigvis ikkje på bortebane heller.
Jo Harald Grimstad
Jo Harald Grimstad
FAKTA:
Surnadal-Volda 3-0 (1-0)
Syltøran stadion
Dommar: Per Iver Skrøvset, Bøfjord IL
Mål: 1-0 Bjørnar Sæter (25), 2-0 Kjetil Rønning (50,str.), 3-0 Bjørnar Sæter (64,str.)
Surnadal-Volda 3-0 (1-0)
Syltøran stadion
Dommar: Per Iver Skrøvset, Bøfjord IL
Mål: 1-0 Bjørnar Sæter (25), 2-0 Kjetil Rønning (50,str.), 3-0 Bjørnar Sæter (64,str.)
Laget: Petter Aasen, Sondre L. Lied, Vegard Hellebust, Lars Johan Holsvik, Rasmus Aarflot, Steffen Oksnes Elde(Jonathan Jacobsen,80.min), Bjørnar Bakke Liaskar (Rune Haugen,55.min), Anders Heggen, Isak Husøy, Christoffer Bjerknes (Jan Petter Mork,85.min), Terje Haugen Øye
Mørepoeng: Steffen Oksnes Elde 3, Christoffer Bjerknes 2, Sondre L. Lied 1

Kommentarer