Bilførarar må ha førarkort for minibuss.
VTI Fotball og K.A. Aurstad signerte 5. juni ein samarbeidsavtale som mellom anna inneheld ein svært gunstig transportavtale for klubben.
I tillegg til å støtte VTI Fotball med både skiltreklame og trykk på klubbgenseren, sponsar bedrifta oss også med ein gunstig transportavtale.
K.A. Aurstad eig to minibussar, som seniorlaga får låne til bortekampane sine, noko som inneber sterkt reduserte transportkostnader for klubben. Seniorlaga betalar inga leige, men etterfyl drivstoff og syter for at bussen er reingjort etter bruk.
K.A. Aurstad opnar også for at dei aldersbestemte laga kan få leige bussane, dersom bedrifta ikkje nyttar dei sjølv. Laga betalar då kr. 5,- per km og etterfyl med drivstoff.
Det er ikkje høve til å tinge bussane langt fram i tid, då dei tilsette i K.A. Aurstad vil kunne ha behov for å nytte bussane sjølv.
Sjåføren må ha sjåførkort og skal levere nøklar, ferdig utfylt skjema og reingjort buss etter bruk.
Dersom ein av bussane vert påført større eller mindre skadar, ta kontakt med leiinga i klubben.
VTI Fotball stiller seg til gjengjeld positive til å hjelpe K.A. Aurstad ved høvelege anledningar.

Kommentarer