Mange bilde frå kampen.
Volda tok eit klart steg framover etter tapet mot Hødd og vann heile 5-0 over tabelljumbo Malvik på Stadion laurdag 26. mai. Stillinga ved pause var 1-0. I andre omgang vart det etterkvart store rom som Volda klarte å utnytte svært godt og Volda scora tre mål siste 20 minutta. Maria Muren var dagens kvinne med tre mål - Rakel Berg Rusten og Camilla Aura scora dei to andre måla for Volda.
I ein rekordjamn 2. divisjon klatra Volda med denne sigeren oppover på tabellen, men har spela fleire kampar
Komande helg skal Volda spele borte mot midtlaget Byåsen og mot topplaget Kattem 2 før det blir nok ei helg med heimekamp først mot Byåsen (igjen!) og deretter NM kamp i J19-klassen mot Åsane for mange av jentene. Så det er to tøffe og spennade helgar i sikte!
![]() |
| Maria Muren ordnar sikkert 2-0 aleine med keeper. |
![]() |
| Rakel Berg Rusten puttar på 3-0 ... |
![]() |
| .. og blir gratulert av Kristine Sætre. |
Fleire bilde frå Malvik-kampen




Kommentarer