I ein spennande kamp vann Ørsta 1-0 Volda sjøl om dei spelte 10 mot 11 i nesten ein og ein halv omgong. les meir:
1. omg. Kampen starta svakt for Ørsta. Pasningane stemde ikkje og Volda fekk raskt eit overtak. Kun godt forsvarspel gjorde at ikkje overtaket resulterte i mål. Etter 25 minutt fekk Preben rødt kort, og det såg ikkje lovande ut. Vi på sidelinja fekk då sjå eit heimelag som bretta opp ermene og tok tak i kampen, faktisk var Ørsta betre 10 mot 11.
2-omg ; i starten fekk Volda frispark i farleg posisjon, og skotet gjekk i stolpen og ut. Like etter jaga Jørgen eit framspel og hans gode press gjorde at ein voldaspelar sette ballen i eige nett. Etter dette hadde Volda ballen mest utan at dei skapte store sjansar. dei fekk mange cornera som vart rydda opp i.
Ørsta si midtbane stod fram med klokt spel, spesielt Sigurd var god i denne omgangen.
På bakgunn av å spele 10 mot 11 var dette ein sterk lagsiger, vil likevel framheve midforsvaret med Tore og Kristian som temde voldingane, samt Andreas i mål som spelte godt og sikkert.
Desse var med: Andreas, Joakim, Tore, Kristian, Odd Andre, Jørgen, Henning, , Thomas, Sigurd, Markus, Steffen og Jon Andre
Godt spelt gutar!

Kommentarer