Utlevering av loddblokker og sesongprogram til lagleiarar torsdag 26 april mellom kl 18:00 - kl 19:00.
Loddblokkene til ØIL Fotball sitt hovudlotteriet 2012 er no klare for utlevering med mange flotte premiar. Opplegget blir som i fjor.
Lagleiar hentar blokkene til sitt lag:
Torsdag 26. april mellom kl 18:00 – kl 19:00 på klubbhuset.
- Lagleiar må vite kor mange blokker han treng til sitt lag ved henting.
- Spelarar som spelar på fleire lag/årsklasser skal motta loddblokk på det laget ein eigentleg høyrer heime aldersmessig.
- Det er maks 2 loddblokker per familie (til dei 2 eldste). Familiane må passe på dette sjølv då vi ikkje har denne oversikta.
- Lagleiar delar ut loddblokkene til spelarane så snart som mulig. Ved overlevering betalar kvar spelar kr 500,- som er verdien av loddblokka.
- Når alle loddblokkene er utlevert og pengane mottatt, set lagleiar pengane inn på Ørsta IL Fotball sin konto 3992.05.02540. Dersom dette blir gjort via innskuddsautomaten må beløp og lagnamn sendast i e-post til bjarte.myrold@scana.no. Dette for å kunne spore innbetalinga.
- Innlevering av loddblokkene for trekking er tirsdag 29. mai mellom kl 18:00 – kl 19:00 på klubbhuset. Trekninga blir kunngjort i Møre-Nytt 2. juni,
- Dersom du har fått for mange loddblokker, ta snarast kontakt med Bjarte Myrold (bjarte.myrold@scana.no eller 95851890), slik at vi kan omfordele desse blokkene.
- Etter planen skal dei minste spelarane (MG7/MJ7) ikkje selge lodd, men dersom vi brenn inne med mange uavhenta loddblokker er det mulig at nokon av foreldra på desse laga blir spurt om å bidra i loddsalet.
Håper alle støttar opp om dette lotteriet som er ei svært god inntektskilde for klubben. Det er viktig at klubben har ein sunn økonomi i botnen om vi skal kunne realisere ein kaldhall.
Sesongprogram 2012:
Ved henting av loddblokkene får lagleiar også med seg Ørsta ILFotball Sesongprogram 2012. Dette skal utleverast til alle spelarar og støtteapparat. Gjer dette sammtidig med utlevering av loddblokkene.
Vi vil takke alle dei 81 annonsørane i årets sesongprogram. Dette viser at næringslivet bryr seg og er med på bidra til at barn og ungdom har eit aktivt og positivt fritidstilbod i Ørsta.

Kommentarer