Ørsta tapte 1-3 mot Hødd på heimebane i ein kamp der laga hadde kvar sin omgang

1.omgang:  Ørsta hadde litt stor respekt for Hødd og låg veldig lavt i første omgang.  No skape ikkje Hødd heller mykje, men dei scora på sine to første muligheiter, først kom dei igjennom etter 7 minutt, og fikk straffe etter ein halvtime.  Det nærmaste Ørsta kom var eit skot i stolpen av Kristian Straume.

2.omgang: Ørsta la om strategien og gjekk ut med høgt press.  Heimelaget styrte no spelet og kom rundt på sidene.  Etter 10 minutt kom Kristian fri på 6-7 meter og sette ballen kontant i nota.  Etter dette jaga Ørsta utlikning utan å kome til dei heilt store sjansane.  Etter ein halvtime gjekk derimot Hødd opp i 1-3 og punkterte dermed kampen.

Ørstagutane skal være nøgde med innsatsen i andre omgang, som viste at karane kan kan ta mange poeng framover.

Andreas Nes og Jørgen Fuglebakk fekk gult kort.   Dommar var Henning Skjeret, Volda

 

Kommentarer


--------------------------------------------------------------------------------------
Ørsta IL Fotball
Postboks 158
6151 ØRSTA
--------------------------------------------------------------------------------------
Telefon: 70067758
E-post: leiar.fotball@tussa.com
--------------------------------------------------------------------------------------