Det vert nye treningstider for mange lag frå 9.april. Sjekk baneplanen.
Etter påske vert det endringar på baneplanen, då dei yngste laga startar opp treningane. Alle lag til og med 14 år er lagt inn med faste treningstider.
Før kl.18.00 trenar dei yngste laga. Kl.18.00-20.00 er sett av til kamp. Etter kl.20.00 vil dei eldste laga trene.
A-laget startar opp kampsesongen 9.april, gute-, dame-,jr- og jentelaget startar opp i slutten av april- byrjinga av mai.
For at vi kan utnytte banekapasiteten på kunstgrasbana maksimalt vil treningane for dei eldste laga verte fordelt i møte på klubbhuset fredag 13.april kl.17.30. I første omgang vil dette gjelde for perioda t.o.m.29.april. Det vil verte faste møter , ca annakvar veke der treningstidene vert fordelt inntil grasbana er klar til bruk. Desse laga møter ; A-lag herrer og damer, junior, jente og guttelag.

Kommentarer