Tre voldalag spelte sluttspelkampar fredag. J15 vann si kvartfinale og vart deretter slått ut i semifinalen. Gutar 19 år og jenter 14 år tapte sine kvartfinaler.
Volda har med dette gjennomført si beste Danacup-turnering nokon gong. Resultata vart ein 3. plass og to 5. plassar i A-sluttspela, og Volda har aldri tidlegare hatt med så mange lag så langt i turneringa. J15 sitt resultat var tangering av jentelagets semifinaleplass i 2006. Også dei tre andre laga gjorde ein kjempegod innsats, og det er berre å begynne å gle seg til Danacup 2011!