Nytt frå styret - referat frå styremøteAv: Johann Roppen [Sist endra: 04.02.2010 00:59:19]Referat frå styremøte 1. februar. Referat frå styremøte i VTI Fotball, 1. februar 2010. Kl 18.00-21.00, på klubbhuset
Til stade: Jarle Støyle, Per Ivar Kongsvik, Leif Tore Telseth, Peder Barstad, Johann Folkestad, Bente Rabben, Johann Roppen (ref.)
Orienteringssaker:
- Sparebank1 Volda Cup har vorte gjennomført med J16 som teknisk arrangør. Omsetnaden i kiosken var lågare enn forventa og Fair Play må framhevast sterkare neste år. Rekneskap vert lagt fram seinare og styret vurderer då fordelinga mellom hovudlaget og arrangør.
- Det er folkemøte om ny trase for E39 den 9. februar og VTI Fotball må vere til stade på møtet og peike på dei uheldige konsekvensane tre av dei fem alternativa vil få for Volda Stadion og dermed idretten i Volda. Høyringsfristen er rundt 1. mars.
- Lysanlegget støtta av Gjensidige vart fotografert saman med ansvarlege for søknaden og gjennomføringa: Johann Folkestad og Leif Tore Telseth.
Saker:
1-2010: Styret drøfta utspelet frå Hødd ang overgangen til Thomas Kleppe Lid. Per Ivar Kongsvik forhandlar med Hødd og svarer på spørsmål frå media. 2-2010: Planlegging av årsmøtet, 11. februar. Teknisk opplegg for møtet, innkomne saker, årsmelding og rekneskap vart gjennomgått. Dei to innkomne saken er framlegg om å starte planlegging av fotballhall og sluttrekneskap for Kunstgrasbane A. Styret forslår at treningsavgifta i 2010 blir uendra i forhold til 2009.
3-2010: BUF har hatt planleggingsmøte ang Rema 1000 Volda Cup og Leif Tore orienterte. Det er kjøpt nytt telt og anlegg er i ferd med å kjøpe inn fire nye sjuarmål til ein samla kostnad på kr 52.000 (først pristilbod). Venteleg vil vi få tilskot som dekkjer ein del av desse kostnadene. Det vil også bli ordna med betre høgtalaranlegg for Kunstgrasbane B. Kunstgrasbanene vil bli reinsa før sommaren, og det er sett av pengar til dette i budsjettet for 2010. Sidan Rema 1000 Volda Cup for første gong går i pinsehelga trengst det jamne påminningar om dette på nettsidene og andre stader.
4-2010: Gutar 1996 har kjøpt inn nye kamptrøyer privat (grøn, Umbro, Nacionale) og trykker på reklame og VTI Merket i kvitt etter same opplegget som Danacup t-skjortene i 2009. Når vi ser resultatet kan dette eventuelt bli malen også for andre kamptrøyer.
5-2010: Johann Folkestad representerer Volda TI Fotball på Forbundstinget i mars.
6-2010: Johann Roppen refererte frå møte og samtalar ang planane for Toppidrettsfag ved Volda vidaregåande. Dette er eit tilbod som ser ut til å omfatte handball.
VTI Fotball ser det som svært viktig at det kjem eit slikt tilbod i regionen også for fotball, og tek sikte på å bidra økonomisk for å få det til. Styret reknar med at fotballklubbar i Ørsta, Ørsta og Volda kommunar og sponsorar ser verdien av dette tilbodet, og vil sjølv stille opp med inntil kr 30.000 for å få tilbodet utvida til også å omfatte fotball. Johann Roppen orienterer Volda vidaregåande skule og Volda kommune. Johann Folkestad skaffar relevante fagplanar. Per Ivar Kongsvik tek kontakt med aktuelle trenarkapasitetar.
7-2010: Nokre seniorspelarar står framleis med ubetalt treningsavgift for 2009. Dei får no siste purring og manglande betaling kan få konsekvensar i form av at dei ikkje kan representere Volda på kampar. |