Boys 19: Volda - Rio FC (Brasil) 4-1(3-1)Av: Arnvid Husøy [Sist endra: 28.07.2010 22:41:07]Det vart ein viktig siger for juniolaget mot Brasilianske Rio FC i dagens fyrste kamp. Voldingane var skikkeleg tente på seier og gjekk friskt ut. Allereie etter 2 minutt parkerte Isak Skjærset Rio-forsvaret og skora flott! Volda forsette med godt spel og Brasilianarane imponerte ikkje, men klarte å utlikne til 1-1 på ein corner. Volda tok igjen leiinga 2-1 på headding av Jørgen Vinjevoll, 3-1 kom på straffe av Bjørnar Bakke Liaskar. 3-1 til pause.
Like etter pause skora Isak Husøy på corner - og punkterte kampen. Med full kontroll bakover var andreomgongen lite spennande.
Kampen vart prega av eit hardspelande brasisliansk lag, men heldigvis slo den gode dommaren ned på ufinheitene frå Rio.
Kampens finaste prestasjon var Sander Håskjold Nyland sitt utspel på over 50 meter som traff Hans Husøy på millimeteren på brystet, uten at han flytta seg!
Neste kamp i ettermiddag - Volda er klar for A-sluttspel med uavgjort.
|